Persilleslekta (Petroselinum) er ei planteslekt med to artar i skjermplantefamilien Apiaceae. Dei veks naturleg i Vest- og Sør-Europa og i Nord-Afrika.The Euro+Med Plantbase Project: Petroselinum Dei er grøne toårige urter som ein sjeldan gong er eittårig. Planta er er heilt glatt utan hår. I løpet av det første året dannar dei ein rosett med finna eller tredobbelt finna blad og ei pælerot som blir nytta som næringslager (opplagsnæring) over vinteren. I det andre året gror det opp ein blomsterstilk som kan bli opptil 1 m høg med få blad og ein skjerm med kvite eller lilla til gul-grøne blomstrar.Blamey, M. & Grey-Wilson, C. (1989). Illustrated Flora of Britain and Northern Europe. ISBN 0-340-40170-2Interactive Flora of NW Europe: Petroselinum species list og genus description
Artar
Petroselinum crispum (hagepersille) frå det sørlege Europa og det nordlege Afrika (Sør-Italia, Algerie, Tunisia) er ein viktig kulinarisk urt som er mykje nytta som smakstilsetting og som grønsak.
Petroselinum segetum (kornpersille) frå det vestlege Europa (Storbritannia og Nederland sørover gjennom Frankrike til Italia, Spania og Portugal) er òg etande med lik smak, men blir ikkje dyrka i så stor grad som P. crispum. Han veks på grasenger, i hekkar og på elvebreidder. I Storbritannia er den avgrensa til låglandet i det sørlege og sentrale England (nord til Yorkshire) og til det sørlege Wales. Han blir mindre og mindre vanleg på grunn av intensivt landbruk. Den har smalare, meir lansettforma blad enn P. crispum, og blada er berre finna og ikkje tredobbelt finna.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Planteslekter Kategori:Skjermplantefamilien