Avstemming i fysikk er justering av eit svingedyktig system slik at det svingar med ein særskild frekvens. Musikkinstrument kan stemmast ved å endre mekaniske eigenskapar, til dømes volumet i ei orgelpipe eller strekket i ein fiolinstreng. Elektriske svingekrinsar i ein radiomottakar vert avstemde til resonans med frekvensen frå ein radiosendar ved hjelp av ein variabel kondensator eller ein spole med variabel sjølvinduktans.

Kjelder

Kategori:Stemming Kategori:Radioelektronikk