Qitaihe er eit byprefektur som ligg aust i provinsen Heilongjiang i Kina. Byprefekturet har eit areal på 6 223 km² I 2010 hadde det 920 419 innbyggjarar, der 620 935 budde i dei tre tettbygde urbane distrikta.]

Byprefekturet Qitaihe omfattar tre distrikt (区 qū) og eitt fylke (县 xiàn).

Historie Historia til Qitaihe kan førast tilbake 3000 år, då staden var folkesett av sushenarar, forfedrane til mandsjuane. I 1910 blei det funne kol i Qitaihe. Næring Gruveindustri basert på steinkol er ei hovudnæring.

Samferdsle Riksveg 201 i Kina går gjennom området. Vegen tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qitaihe» frå , den 11. april 2012. Denne artikkelen bygger på «Qitaihe» frå , den 11. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Heilongjiang Kategori:Byprefektur i Heilongjiang