California er ein delstat som ligg heilt vest i USA. Han grensar til Mexico i sør, Oregon i nord, Nevada og Arizona i aust og Stillehavet i vest. California vart avstått av Mexico i 1848 og vart den 31. delstaten i USA 9. september 1850.

Hovudstaden i California er Sacramento. Største byar er Los Angeles, San Diego, San Jose og San Francisco. Silicon Valley ligg òg i California.

Fylke California er delt inn i 58 fylke (counties). Fylka står for lokale tenester og politi innanfor eigne grenser og har også lokale domstolar. Dei fyrste fylka vart oppretta i 1850. Då vart i alt 18 fylke oppretta. 69 fylke vart oppretta seinare same år.

Byar

Fresno Los Angeles Oakland San Diego San Francisco San Jose

Kjende personar frå California Richard Nixon, USAs 37. president

mini|260px|left|Los Angeles om natta

Kjelder

Kategori:Delstatar i USA