Annibale Carracci () var ein italiensk målar og grafikar under barokken. Kunstkritikaren Giovanni Bellori hylla på 1600-talet Carracci som sjølve personifiseringa av barokken i Roma.
Liv og gjerning mini|venstre|Marias himmelfart, 1601 mini|Herre, kvar går du?, 1602
Carracci var fødd i Bologna. I byrjinga av 1580-talet starta syskenbarnet hans, Ludovico Carracci, eit målarakademi i Bologna saman med Agostino Carracci, storebroren til Annibale. Dei tidlege verka til Carracci-brørne er vanskelege å skilje, så som freskane i Palazzo Fava i Bologna (ca 1583-84). Brørne arbeidde i lag i Bologna fram til 1595, då Annibale, som var mest kjend, vart kalla til Roma av kardinalen Odoardo Farnese for å dekorere galleriet i Palazzo Farnese i Roma.
Freskane i Palazzo Farnese I Palazzo Farnese starta Carracci med å dekorere eit mindre rom som vart kalla Camerino. Tida 1595-97 måla han historier om Herkules, som passa vel då rommet også hyste ein gresk-romersk skulptur av Herkules. Seinare i 1597 leia han ei gruppe målarar som måla freskar i taket i den store salongen over temaet The Loves of the Gods. Freskane er detaljerte og spelar saman med illusjonistiske element, det heile innramma i ein stram renessansedekor. Dei er inspirert av mellom andre Michelangelos sixtinske kapell og freskane i Villa Farnesina. Dette verket inspirerte den seinare straumen av illusjonisme i barokken; til dømes hos Pietro da Cortona, Giovanni Lanfranco og seinare Andrea Pozzo og Giovanni Gaulli.
Gjennom 1800- og 1900-talet vart takfreskane i Farnese-palasset rekna mellom dei mest autoritative meisterverka innan freskomåling. Freskane hadde status både som lærebok over heltefigurar og som ein modell i måleteknikk. Carracci laga hundrevis av forarbeid før han måla taket.
Frå 1606 var han overmanna av tungsinn og slutta nesten fullstendig med måling. Han døydde i Roma vart gravlagd i Pantheon, nær Rafael.
Stil og motiv Carraccis stil ber noko preg av naturalisme, men framfor alt av klassisisme. Han observerte mennesket sin anatomi, og la til visse idealiserande drag. Presisjonen i gestikuleringane påverka Nicolas Poussin, og gjennom han heile formspråket med gestikulering innan målekunsten.
Carracci var ein av de første italienske målarane som let landskapet spele ei viktigare rolle enn personane i biletet, slik som i meisterverket Flukta frå Egypt. Domenichino og Claude Lorrain var mellom elevane hans som vidareførte dette.
venstre|mini|400px|Flukta til Egypt, 1603 Utvalde verk Slaktarbutikken, 1580-talet Kristi dåp, 1584 Marias himmelfart, 1590 Venus og Adonis, 1595 Freskane i Palazzo Farnese, 1595-1605 Marias himmelfart i 'Santa Maria del Popolo' i Roma, 1601 Herre, kvar går du? (Domine quo vadis?), 1602 Flukten til Egypt, 1603
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Annibale Carracci» frå , den 21. april 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske målarar Kategori:Barokkmålarar