Sotalbatross, Phoebetria fusca, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Arten hekkar på sub-antarktiske øyar i Sør-Atlanteren og Indiahavet, og har elles utbreiing til havs i Sørishavet frå Sør-Amerika til Australia. Saman med gråalbatross utgjer han den biologiske slekta Phoebetria. __NOTOC__ Skildring Dette er ein mellomstor albatross med kroppslengd på 85 cm, og vengespenn på to meter. Vaksne har kroppsmasse som varierer frå 2,1 til 3,4 kg.CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5. Han er sotbrun med mørkare sjatteringar på sidene av hovudet. Han har ein kvit, tynn halvmåneforma ring over og bak auget. Nebbet er svart med ei gul linje langs underkjeven, nebblengda er 112 mm. Ungfuglane liknar på vaksne. Vaksne sotalbatrossar skil seg frå vaksne gråalbatross ved at sotalbatross har mørkare fjørdrakt.

Dietten består av blekksprut, krepsdyr, blekksprut, fisk og åtsel.

Sotalbatrossen er ein kolonirugar, men ikkje i same grad som andre albatrossartar. Koloniane består vanlegvis av 50-60 par. Dei byggjer reira på fjellhyller og i bratte skrenter. Dei gjer freistnad på hekking annakvart år.BirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebetria fusca. Henta frå http://www.birdlife.org on 22/04/2012

Denne albatrossen hekkar på øyar i det sørlege Atlanterhavet, først og fremst Gough Island og Tristan da Cunha, dessutan i Indiahavet, bl.a. på Prince Edwardøyane og Crozetøyane. Dei beitar til havs nord til ca. 30° S.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Sooty Albatross» frå , den 22. april 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff

Videoar, bilete og lydopptak av sotalbatross hos Internet Bird Collection

Kategori:Albatrossfamilien