Hertugdømet Kurland og Semigallen (latinsk Ducatus Curlandiæ et Semigalliæ, polsk Księstwo Kurlandii i Semigalii, tysk Herzogtum Kurland und Semgallen, latvisk Kurzemes un Zemgales hercogiste) er namnet på eit hertugdøme i Baltikum som eksisterte frå 1562 til 1569 som ein vasallstat i Storhertugdømet Litauen og frå 1569 til 1726 i Det polsk-litauiske samveldet. Det vart innlemma i Det polsk-litauiske samveldet i Sejm i 1726,Volumina Legum, t. VI, Petersburg 1860, p. 209. men 27. mars 1795, vart det annektert av Det russiske imperiet i den tredje delinga av Polen.
Namnet vart òg gjeven til ein kortvarig stat frå 8. mars til 22. september 1918. Det var planar om at denne staten skulle verte ein del av Det sameinte baltiske hertugdømet, underlagt Det tyske riket, men dette vart ikkje noko av då Tyskland overgav Baltikum mot slutten av første verdskrigen. Området vart ein del av Latvia mot slutten av krigen.
Hertugar av Kurland Gotthard Kettler, 1561–87 Friedrich (1587–1642) og Wilhelm Kettler (1587–1616) Jacob Kettler, 1642–82 Friedrich Casimir Kettler, 1682–98 Friedrich Wilhelm Kettler, 1698–1711 Ferdinand Kettler, 1711–37 Ernst Johann Biron, 1737–40 Ludvig Ernst av Braunschweig-Lüneburg, 27 juni-6 desember 1741 Rådet til hertugen, 1740–58 Karl av Sachsen, 1758–63 Ernst Johann Biron, 1763–69 Peter von Biron, 1769–95 Tsaren av Russland, 1795–1917
Sjå òg Hertuginne av Kurland Bispedømet Kurland Kurland Livland Semigallen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Duchy of Courland and Semigallia» frå , den 23. april 2012. oppgav desse kjeldene: Ceaser, Ray A., Hertugdømet Kurland , University of Washington, juni 2001. Plakans, Andrejs (1995) The Latvians: A Short History, Hoover Institution Press.
Bakgrunnsstoff Kurland Kurland 1641-1795 Flagget til Kurland Die Kurländische Ritterschaft Ritterschaften der Familie in Kurland
Kategori:Historiske regionar i Latvia