On the Threshold of a Dream er det fjerde albumet til The Moody Blues, gjeve ut på Deram Records i april 1969. Det var det siste albumet deira før bandet skipa sitt eige plateselskap, Threshold, som vart distribuert av Decca Records.
Innhald Albumet startar med eit dikt og elektroniske lydar, og albumet vert avslutta med liknande lydar. På vinyl-utgåva av albumet var LPen trykt slik at desse lydane heldt fram til nokon stoppa plata.
Som dei to føregåande albuma til bandet, følgjer On the Threshold of a Dream eit konsept. Albumet utforskar draumar, særleg på andre sida, som har eit klimaks med «Voyage»-suiten, delvis inspirert av Strauss sin Also sprach Zarathrustra. Stykket, av Mike Pinder, nyttar mellotron som orkester, og fløyte.
Utgjeving
On the Threshold of a Dream kom ut 25. april 1969 i Storbritannia og 30. mai 1969 i USA. On The Threshold of a Dream var det første albumet til The Moody Blues som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og med auka salstal i USA, nådde dei Topp 20 der. Albumet låg lenge på begge albumlistene. Ironisk nok selde den einaste singelen frå albumet, «Never Comes the Day», dårleg.
I mars 2006 vart albumet gjeven ut på SACD med ni bonusspor. I 2008 vart albumet gjeve ut på ny med standard lydformat med dei same bonusspora.
Innhald
Bonusspor
Salslister
Album ÅrListePlassering1969UK Albums Chart1Billboard 20020RPM Canada Album Chart26
Singlar
ÅrSingelListePlassering1969«Never Comes the Day»Billboard Hot 10091
Medverkande Justin Hayward – vokal, gitar, cello, mellotron på «Never Comes the Day», John Lodge – vokal, bassgitar, cello, kontrabass Ray Thomas – vokal, munnspel, fløyte, tamburin, obo, pikkolofløyte, EMS VCS 3 Graeme Edge – trommer, perkusjon, vokal, EMS VCS 3 Mike Pinder – vokal, Mellotron, Hammondorgel, piano, cello
Teknisk Phil Travers – plateomslag
Kjelder Denne artikkelen bygger på «On the Threshold of a Dream» frå , den 6. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Deram Records-album Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album Kategori:Album produserte av Tony Clarke Kategori:Konseptalbum