Caught Live + 5 er eit dobbelt konsertalbum frå 1977 av Moody Blues, som består av eit konsertopptak frå 12. desember 1969 frå Royal Albert Hall og fem studioopptak frå same perioden som tidlegare ikkje hadde vorte gjevne ut. Det var lenge den einaste konsertutgjevinga til bandet får den klassiske perioden deira.

Bandet har uttrykt at dei var misnøgde med spelinga si den kvelden, og meinte at dopmisbruk var medverkande til dette. Dei ønskte derfor ikkje å gje ut albumet, som Decca Records så gav ut.

Albumet nådde 26. plass på albumlista i USA, men gjekk ikkje på lista i Storbritannia i det heile. Det var første gongen dette hadde skjedd for bandet sidan debutalbumet The Magnificent Moodies i 1965.

Det er det første Moody Blues-albumet sidan Days of Future Passed som ikkje har plateomslag av Philip Travers. Decca Records nytta i staden designgruppa Hipgnosis.

Innhald

Spor 1-14 er konsertopptak, 15-19 studioopptak.

Medverkande

Justin Hayward – gitar, vokal John Lodge – bassgitar, vokal Mike Pinder – tangentinstrument, vokal Ray Thomas – fløyte, vokal Graeme Edge - trommer, perkusjon

Salslister

Album ÅrListePlassering1977Billboard 20026

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Caught Live + 5» frå , den 8. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Konsertalbum frå 1977 Kategori:Threshold Records-album Kategori:Album innspelte i Royal Albert Hall Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Album produserte av Tony Clarke Kategori:Progressive popalbum