«Talking Out of Turn» er ein song frå 1981 av det engelske progrockbandet The Moody Blues, og var den tredje og siste singelen frå albumet Long Distance Voyager. Songen er skriven av bassist John Lodge og varer nesten sju og eit halvt minutt. Han vart gjeven ut som singel i november 1981 med «Veteran Cosmic Rocker» som B-side.

Den eitt minutt lange instrumentale slutten på songen avsluttar den første timen av The Mike Malloy Show kvar kveld.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Talking Out of Turn» frå , den 8. mai 2012.

Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av John Lodge