1744 (romartal MDCCXLIV) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet Den austerrikske arvefølgjekrigen heldt fram. 22. februar: Slaget ved Toulon byrja utanfor kysten av Toulon i Frankrike. Det enda med at ein spansk konvoi slo den britiske middelhavsflåten. 15. mars: Frankrike erklærte krig mot Storbritannia. 29. mars: Storbritannia erklærte krig mot Frankrike.}} 2. april: First Rules of Golf, dei første reglane for golf, blei skrivne opp i Leith i Skottland for den første golf-tevlinga. 16. april: Frankrike erklærte krig mot Austerrike. 20. april: Slaget ved Villafranca Armeane til Frankrike og Spania rykte inn i Kongedømet Sardinia og gjekk gjennom passet ved Villafranca, der dei slo dei britisk-sardinske forsvararane. April: The Female Spectator, eit månadleg tidsskrift, blei grunnlagd av Eliza Haywood i England som det første bladet for kvinner skrive av ei kvinne. 19. juli: Slaget ved Casteldelfino mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia tok til. 12. august: Slaget ved Velletri fann stad mellom Austerrike og ein allianse mellom Spania og Kongedømet Napoli. Det ende med austerriksk retrett. 30. september: Slaget ved Madonna dell'Olmo fann stad utanfor Cuneo og vart ein pyrrhossiger for Frankrike og Spania over Kongedømet Sardinia. Utan dato Kong Georg-krigen, ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen i Nord-Amerika, braut ut. Darayeh-emiratet, den første saudistaten, blei grunnlagd av Muhammed ibn Saud Noreg
Fødde mini|Jean-Baptiste de Lamarck fødd 1. august
4. mai: Marianna von Martines, austerriksk musikar og komponist 19. mai: Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, dronning av Storbritannia 1. august: Jean-Baptiste de Lamarck, fransk biolog 21. juni: Marcus Schnabel, norsk språkgranskar 4. juli: Samuel Gottlieb Gmelin, tysk naturforskar 31. juli: Peter Anker, norsk diplomat og guvernør 25. august: Johann Gottfried Herder, tysk filosof Utan dato Marie Barch (fødd Knudsen), dansk ballerina Døde
23. januar: Giambattista Vico, italiensk filosof 11. februar: Hedvig Taube, svensk adelskvinne, elskarinna til Fredrik I av Sverige 25. april: Anders Celsius, svensk fysikar 30. mai: Alexander Pope, engelsk forfattar 29. juni: André Campra, fransk toneskapar 31. oktober: Leonardo Leo, italiensk toneskapar 23. desember: Élisabeth Charlotte d'Orléans, fransk hertuginne og regent av Lorraine Kjelder