Valdemar Atterdag eller Valdemar IV Atterdag () var konge av Danmark frå 1340 til 1375. Han var den yngste sonen av Kristoffer II av Danmark og Eufemia av Pommern.

Valdemar gifta seg med Helvig av Slesvig, dotter av hertug Erik II av Slesvig. Dei fekk seks born saman, men berre tre vart vaksne: Junker Kristoffer som døydde i tenåra, Ingeborg Valdemarsdotter som gifta seg med hertug Henrik III av Mecklenburg og Margrete Valdemarsdotter som gifta seg med den norske kongen Håkon VI Magnusson.

Valdemar er gravlagd i Sorø klosterkyrkje.

Kjelder

Kategori:Danske regentar