Max Emil Gustav Rook () var ein tysk-norsk tolk og hjelpepolitimann for Gestapo i Noreg under andre verdskrigen.
Rook var fødd i Berlin-Steglitz i 1888. Han kom til Noreg i 1913, og vart norsk statsborgar i 1928. Rook melde seg til teneste for Sicherheitsdienst i Bergen i juni 1940, og var med på ei rekke aksjonar mot norske motstandsfolk. Han vart i Gulating lagmannsrett 12. februar 1946 dømd til døden for krigsbrotsverk, og vart avretta ved skyting på Sverresborg festning i Bergen 5. juni 1946.
Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Tyskarar i Noreg under andre verdskrigen Kategori:Folk avretta ved skyting