Ove Fredrik Arbo Høeg () var ein norsk botanikar. Han tok tok examen artium 1917 og vart cand.real. ved Universitetet i Kristiania 1923. I tillegg til biologi studerte han historisk geologi med paleontologi. Plantefosilar vart eit av hovudfelta hans. Han vart dr.philos i 1942 på avhandlinga The Downtonian and Devonian flora of Spitsbergen.
Frå 1923-1925 var Høeg konservator ved Paleontologisk museum i Oslo. 1926–47 arbeidde han ved dei botaniske samlingane ved Videnskapsselskapets museum i Trondheim. 1947-1967 var han professor i botanikk ved Universitetet i Oslo. 1958-1967 verka han som styrar for Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo. At han utmerkte seg som paleobotanikar, gjorde at han vart leiar for oppbygging av, Birbal Sahni Institute of Palaeobotany, eit forskningsinstitutt i Lakhnaui India. Han arbeidde i tre år med dette UNESCO prosjektet.
Ove Arbo Høeg arbeidde mykje med etnobotanikk. I 1974 gav han ut Planter og tradisjon, ei bok om folkeleg bruk av norske planter. Høeg var i mange år redaktør for Blyttia, tidsskrift for Norsk Botanisk Foreining.
Han var æresmedlem i Norges Naturvernforbund, Norsk Botanisk Foreining og International Organization of Palaeobotany.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ove Arbo Høeg» frå , den 28. mai 2012. Ove Arbo Høeg – i Norsk biografisk leksikon
Litteratur
Kategori:Norske botanikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Larvik