Bente Bratlund () er ein norsk barnebokforfattar frå i Os i Hordaland.
Biografi
Bente Bratlund voks opp på eit småbruk i Os, tok lærarutdanning på Stord lærarskule, og studerte sidan eitt år drama i Bergen. Ho busette seg deretter i Os, arbeidde som lærar i ungdomsskulen, og var også eit år journalist i ei lokalavis. Sidan 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Bratlund har jobba som rettleiar på Høgskolen i Bergen, samt vore rettleiar for tilsette ved Haukeland Universitetssjukehus på avdelinga for barne- og ungdomspsykiatri. I tillegg har ho hatt skrivekurs innan prosjektet "Kultur og psykiatri" i Bergen kommune, og hatt skrivekurs på Støttesenteret mot Incest i Hordaland. Ho reiser også på skulevitjingar.
Bente Bratlund var i mange år gift med kunstnaren og skulptøren Arne Mæland. Dei to dreiv Galleri Solbakkestova i Os, og har to vaksne born saman. Bente Bratlund er no gift opp att med fotografen Einar Søberg, som har illustrert fleire av bøkene hennar. Ho er no busett på Reinsvoll i Vestre Toten kommune i Oppland.
Tidlegare har Bente Bratlund også gjeve ut bøker under namnet Bente Bratlund Mæland. Ho har skrive flest barnebøker på nynorsk, og seier sjølv at nynorsk er pulsslaget hennar. [Vårt Land, 29.05.12: Lås ikkje framtida]
I 2007 fekk ho Ordknappen for barneboka Vi gir oss aldri.
Produksjon
Lukkelege båt – Dikt, 1977 Kvifor, Pål? – Ungdomsbok, 1982 Lengt – Dikt, 1983 Alltid ein Kristian – Ungdomsbok, 1983 Dei kallar meg kvisa – Ungdomsbok, 1984 Morten på leit – Ungdomsbok, 1985 Martins opprør – Ungdomsbok, 1986 Naken mot lyset – Dikt, 1986 Likevel – Ungdomsbok, 1987 Når det blør – Roman, 1989 Spring, Marit! – Ungdomsbok, 1990 Restar av eit liv – Roman, 1991 Porselenshunden – Roman, 1992 Nei, ikkje Lasse – Ungdomsbok, 1993 Liv – Ungdomsbok, 1995 Barnet – Roman, 1995 Elsk meg bort, elsk meg heim – Roman, 1997 Vennskapsprøven – Ungdomsbok, 1997 Sviket – Ungdomsbok, 1999 Ikkje eit ord – Barnebok, 2001 Tid er det nok av – Barnebok, 2002 Ei stjerne i hjarta – Ungdomsbok, 2003 Kanskje måndag kveld – Barnebok, 2004 Heilt passeleg vill – Barnebok, 2005 Kvar er Lurven? – Barnebok, 2006 Vi gir oss aldri - Barnebok, 2007 Eg spør! Eg tør? - Barnebok, 2008 Bentes krummelurer : hverdagsbetraktninger - 2008 Varme hjarte - Dikt, 2009 Eg er her - Barnebok, 2009 Besatt av demoner - 2010 Mons Marius er ei løve - Barnebok, 2010 Svart fugl - Lettlesen krimroman, 2010 Operasjon hemmeleg / Slange i paradis - Barnebok, 2011 Bebe - Barnebok, 2011 Livet er så nært - Dikt, 2011 Plukka gleder - Dikt, 2012 Du lærte meg kjærlighet - Dikt, 2012 Hanna & Emma 3 - Barnebok, 2012 Bebe 2 : ingen ting som før - Barnebok, 2012 Berre venner ; Listig plan - Barnebok, 2012 Surare enn sitron ; Hemmeleg gjest - Barnebok, 2013 Bebe 3: Den einaste som veit - Barnebok, 2013
Kjelder
Nettstaden til Bente Bratlund
Referansar
Bakgrunnsstoff
Om Bente Bratlund på nettstaden til Norsk Forfattersentrum
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1977 Kategori:Folk frå Os i Hordaland