Målrørsla er i Noreg den rørsla som arbeider for å reise det nynorske skriftmålet til full vørdnad og fulle rettar, og forsvara bruken av norske dialektar. Rørsla er i hovudsak knytt til organisasjonane Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Historie Målrørsla kom til som ei sosial og politisk rørsle i etterkant av 1814, då Noreg fekk si eiga grunnlov og starta prosessen med nasjonsbygging og kulturell frigjering frå dansk dominans. Målrørsla har aldri vore ein einskapleg rørsle, men eit nettverk av organisasjonar med ulike tyngdepunkt.

Fleire lokale og landsdekkjande organisasjonar (gjerne kalla «mållag») har arbeidd for å skapa ein eigen norsk språkleg identitet som er rotfesta i det filologiske arbeidet til Ivar Aasen. Målrørsla er historisk rekna som ein av fleire motkulturar som har eksistert i Noreg, slik som lekmannsrørsla og fråhaldsrørsla. Målrørsla representerer periferien i kampen mot politisk og kulturell sentralisering frå byane.

Den sentrale organisasjonen i målrørsla, Noregs Mållag, blei stifta i 1906. Rørsla har også ei aktiv ungdomsorganisasjon, Norsk Målungdom, som særleg frå 1970-talet har spela ei dominerande rolle i ideologiske debattar og direkte aksjonar.

Den norske målrørsla har i lag med rørsler som fråhaldsrørsla, lekmannsrørsla og folkehøgskulerørsla, vore ein del av den norske motkulturrørsla. Også i andre land er det og har det vore målrørsler som strir for reising av underkua nasjonal- og folkemål.

Sjå òg Målreising

Kjelder

Kategori:Språk