«River Deep – Mountain High» er ein song frå 1966 av Ike & Tina Turner. Han vert av produsent Phil Spector rekna for å vere det beste arbeidet hans,Ribowsky, Mark. He's a Rebel. Cambridge, MA: Perseus, 2007. og singelen gjorde det bra i Europa med ein 3. plass i Storbritannia, sjølv om den første utgåva floppa i USA. Spector var nøgd med responsen frå både kritikarar og likemenn, men han trekte seg så bort frå musikkindustrien for to år, og karrieren hans byrja å gå nedover.

Etter at Eric Burdon spelte inn songen i 1968, vart singelen gjeven ut på ny og har sidan vorte ein av signatursongane til Tina Turner.

I 1999 vart «River Deep – Mountain High» innlemma i Grammy Hall of Fame.

Innspeling Songen er skriven av Spector, Jeff Barry og Ellie Greenwich og var av dei første innspelingane Ike & Tina Turner gjorde for Phil Spector sitt Philles Records. Spector var godt kjend med at Ike Turner var særs kontrollerande i studio, og kom derfor med ein uvanleg kontrakt: albumet River Deep – Mountain High og singelen skulle tilskrivast «Ike & Tina Turner», men Ike fekk $20 000 for å halde seg borte frå studio og berre vokalen til Tina Turner skulle spelast inn.Richard Williams,

Songen vart spelt inn ved hjelp av Spector sin «Wall of Sound»-teknikk, som kosta $22 000, noko som var heilt uhøyrt på den tida. Dette kravde 21 studiomusikarar og 21 korvokalistar. Sidan Spector var ein perfeksjonist i studio fekk han Turner til å synge songen om att og om att i timevis før han føte det perfekte opptaket vart gjort. I magasinet Rolling Stone sa Turner: «Eg må ha sunge songen 500 000 gonger. Eg var våt av sveitte. Eg måtte ta av meg t-skjorte og stå der i BHen og synge.»

Innspelinga av songen vart seinare dramatisert i den sjølvbiografiske filmen om Tina Turner, What's Love Got to Do with It der Phil Spector vitjar Ike og Tina i garderoben etter ein konsert på Hollywood A Go-Go og fortel Tina (spelt av Angela Bassett) at han vil ha ho til å synge inn ein song han hadde skrive for ho. Minuttar seinare bryt Ike Turner (spelt av Laurence Fishburne) inn i samtalen, men vert synleg arg då Spector fortel han at han berre ynskjer Tina. Etter at ein kan sjå Tina synge inn songen med Bassett som mimer til den originale innspelinga frå 1965, ser ein Ike Turner som lyttar til songen på radio, medan Tina går att og fram på golvet for å vente på reaksjonen hans. Då Ike går bort til ho, seier han misunneleg «you did good» og går der frå. Under gravferda til Ike Turner i 2007 sa derimot Phil Spector at filmen tok feil og at han hadde eit godt forhold med Ike Turner.

Mottaking Singelen gjekk ikkje høgare enn 88. plass på poplista i USA. Sjølv om singelen gjorde det mykje betre i Storbritannia med ein tredjeplass, vart Spector så desillusjonert at han forlet plateindustrien heilt dei neste to åra, og berre stundom gjekk i studio etter det.Michael Billig,

Seinare sette Rolling Stone songen på 33. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

George Harrison hylla plata,Show 21 - Forty Miles of Bad Road: Some of the best from rock 'n' roll's dark ages. [Part 2] : UNT Digital Library og sa «ei perfekt plate frå start til slutt.»

Andre versjonar

1960-åra I 1967 spelte Harry Nilsson (som hadde arbeidd med Spector som låtskrivar tidlegare i karrieren) ein coverversjon av songen for det første albumet hans på RCA Victor, Pandemonium Shadow Show. Deep Purple spelte så inn ein ti minuttar lang episk versjon av songen for albumet The Book of Taliesyn i 1968. Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i USA og nådde 53. plass tidleg i 1969 og 42. plass i Canada.

Den originale Ike and Tina Turner-versjonen av songen vart gjeven ut att på ny same året og fekk denne gongen den merksemda Spector hadde ønska. Fleire versjonar er spelte inn sidan, inkludert forskjellige innspelingar av Ike and Tina Turner som ikkje har Spector sin «Wall of Sound»-stil, samt nokre av Tina Turner aleine utan Ike Turner.

Eric Burdon & The Animals spelte inn songen i 1968 for albumet Love Is. Denne var òg på samleplata deira frå 1969, The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals. I 1985 spelte Burdon inn eit konsertopptak av songen som kom ut i 1992 på That's Live. Han spelar framleis songen på konsertane sine.

Det australske bandet, The Easybeats, spelte ein versjon av songen 1967. Ein annan vertsjon vart spelt inn av 2 of Clubs, ein amerikansk kvinneleg popduo.

1970-åra The Shadows spelte inn ein instrumental versjon av songen i 1970 for albumet Shades of Rock.

The Bob Seger System gjorde ein lengre versjon av songen i 1970 for Mongrel.

Supremes utan Diana Ross og The Four Tops spelte inn dei mest suksessrike versjonane av songen. Singelen var ein av fleire innspelingar dei to gruppene frå Motown gjorde i lag. Singelen vart gjeven ut på albumet The Magnificent 7, og nådde 14. plass på lista i USA i 1971. Singelen nådde òg 11. plass i Storbritannia og 25. plass i Nederland.

Claude François, ein fransk songar og låtskrivar, spelte inn ein fransk versjon av songen kalla Combien de Rivières.

Det australske punkbandet The Saints gjorde ein villare versjon av songen på deira One To Three Four EP.

Tina Charles song songen på den første fjernsynsframferda hennar på The To Ronnies i 1971.

Top of the Poppers spelte songen på albumet Top of the Pops, Volume 18.

1980-åra Katrina and the Waves gjorde ein livleg versjon av songen i 1985, men dette vart ikkje gjeven ut på nokre av studioalbuma deira.

Songen vert nytta i musikalen, Leader of the Pack, frå 1985, basert på livet til låtskrivar Ellie Greenwich. Denne versjonen vart sungen av Darlene Love (som spelar seg sjølv i showet) og vert rekna som ein av dei mest populære versjonane av songen.

Den engelske synthpopduoen Erasure spelte inn songen i 1988 for albumet The Innocents.

Flamin' Groovies spelte òg inn songen tidleg i 1981.

Seinare år I seinare år har mellom andre Jimmy Barnes, Annie Lennox, Neil Diamond, Céline Dion, Fefe Dobson, Mary Wilson, Meat Loaf, Cosima De Vito, Nicola Roberts, Jessie Buckley, Bonnie Tyler og Dolly Parton spelt songen.

Medverkande Vokal av Tina Turner Skriven av Phil Spector, Jeff Barry, and Ellie Greenwich Produsert av Phil Spector Arrangert av Jack Nitzsche Instrumentering av Leon Russell tangentinstrument, Jim Horn saksofon, Barney Kessel gitar, Glen Campbell gitar, Jim Gordon trommer, Earl Palmer trommer, Carol Kaye bass.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 30. mai 2012.

Bakgrunnsstoff BBC.co.uk: Sold on Song - «River Deep - Mountain High" Ralph MacLean

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:The Supremes-songar Kategori:Four Tops-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Songar skrivne av Ellie Greenwich Kategori:Songar skrivne av Jeff Barry Kategori:Songar skrivne av Phil Spector Kategori:Songar produserte av Phil Spector Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Motown-songar 033 Kategori:Harry Nilsson-songar Kategori:The Easybeats-songar Kategori:The Shadows-songar Kategori:Erasure-songar Kategori:Annie Lennox-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Celine Dion-songar Kategori:Meat Loaf-songar Kategori:Bonnie Tyler-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar