«Never Before» er ein song av det britiske rockebandet Deep Purple, som kom ut i 1972 på albumet deira Machine Head. Han vart òg gitt ut som singel og nådde 35. plassen i Storbritannia.

Det vart laga ein promovideo til songen i 1972. Singelversjonen av songen er ei redigering av albumversjonen og varer 3:30.

Konsertversjonar «Never Before» har sjeldan vorte framført live. Det einaste liveopptaket av låten finst på Deep Purple in Concert, som vart spelt inn samtidig med singelutgivinga, vel ei veke før Machine Head vart gitt ut.

Deep Purple framførte «Never Before» på turné i 2004, då dei spelte heile Machine Head-albumet.

Medverkande Ian Gillan – vokal Ritchie Blackmore – gitar Roger Glover – bassgitar Jon Lord – klaverinstrument Ian Paice – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Never Before (song)» frå , den 9. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Ian Gillan Kategori:Songar skrivne av Roger Glover Kategori:Songar skrivne av Ritchie Blackmore Kategori:Songar skrivne av Jon Lord Kategori:Songar skrivne av Ian Paice