Come Taste the Band er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 7. november 1975. Det vart produsert og lydteknisk tilrettelagt av bandet og den mangeårige samarbeidspartnaren deira Martin Birch.
Det var den siste studioinnspelinga med Deep Purple før bandet vart oppløyst i 1976, og dermed det einaste studioalbumet med Mark IV-besetninga av bandet, med Tommy Bolin (som erstatta Ritchie Blackmore) på gitar, og det siste av tre album med David Coverdale på solovokal og Glenn Hughes på bassgitar/vokal. Bolin døydde kort tid etter albumutgivinga, medan verken Coverdale eller Hughes vart involvert i det reaktiverte Deep Purple i 1984
Utgjeving og mottaking
Albumet selde rimeleg bra ved utgivinga (19. plassen på den britiske albumlista, og 43. plassen i USA). Albumet vart sertifisert til sølvplate den 7. november 1975 av BPI, og selde 60 000 eksemplar i Storbritannia.
I dei seinare åra har albumet fått ei viss kritisk revurdering «på eigne merittar», delvis på grunn av Bolin sine bidrag til albumet. Gillan (som forlét banda litt over to år tidlegare) har derimot uttalt at han ikkje ser på albumet som eit ekte Deep Purple-album. Lord lovprisa kvaliteten på albumet i intervju mange år seinare, og uttalte at «når ein høyrer på det no, er det eit overraskande bra album», samtidig som han erkjende at «det verste ein kan seia om det er at det etter meininga til dei fleste ikkje er eit Deep Purple-album.»
Record World skrev at singelen «Gettin' Tighter» «syner gruppa på sitt beste: rockande opp ein storm.»
Den doble 35-årsjubileumsutgåva vart gitt ut 25. oktober 2010 og inneheld originalalbumet i ommastra form pluss ei sjeldan amerikansk singelutgåve av «You Keep On Moving» på den første plata, og ein full albumremix og to upubliserte spor på den andre plata: «Same in LA», eit tre minutt langt unytta studioopptak frå den endelege utgivinga i 1975, og «Bolin/Paice Jam», ein fem minutt lang instrumental jam med Bolin og Ian Paice.
Etter at turneen for dette albumet vart avslutta i 1976, vart Deep Purple oppløyst i åtte år. Tommy Bolin danna sitt eige band som turnerte som oppvarmingsband for Peter Frampton og Jeff Beck, men det vart kortvarig då han døydde av multippel narkotikaforgifting i desember 1976. Både morfin, kokain, lidokain og alkohol vart funnen i kroppen hans.Nick Talevski (2006). Knocking on Heaven's Door: Rock Obituaries p.42-43. Omnibus Press, 2006
Innhald All solovokal av David Coverdale utanom der anna er nemnt.
35-årsjubileumsutgåva
Medverkande Deep Purple David Coverdale – solovokal Tommy Bolin – solo- & akustisk gitar, korvokal; bassgitar (spor 1), delt solovokal (spor 4) Jon Lord – klaverinstrument, piano, synthesizer, korvokal Glenn Hughes – bassgitar, delt vokal (alle utanom spor 1), solovokal (spor 3 & 8) Ian Paice – trommer
Produksjon Produsert av Martin «The Wasp» Birch og Deep Purple Lydteknisk utført av Martin Birch Sluttmiks av Martin Birch og Ian Paice Coverfotografi av Peter Williams Ommastra av Dave Schultz og Bill Inglot ved Digiprep i Los Angeles 2010-remix av Kevin Shirley på The Cave, Malibu, California Mastering av Bob Ludwig.
Salslister Liste (1975-1976) Plassering Australske album (Kent Music Report) 11Den danske albumlista18Italienske album (Musica e Dischi) Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple». 7Den japanske albumlista (Oricon) 14
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Come Taste the Band» frå , den 12. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Deep Purple-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Martin Birch Kategori:Engelske funkrockalbum Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Purple Records-album