Last Concert in Japan er eit konsertalbum av Deep Purple gjeven ut i mars 1977. Innspelinga er frå den siste japanske konserten til Mark IV-besetninga av bandet med Tommy Bolin. Albumet vart spelt inn 15. desember 1975 i Tokyo Budokan og selde til gullplate i Japan.Warner Pioneer Japan - Deep Purple - Last Concert in Japan, Certified Gold http://images.goldbergauctions.com/php/lot_auc.php?site=1&sale=43&lot=733&lang=1

Konserten sette ny publikumsrekord for Budokan Hall med om lag 14 000 i publikum. Delar av konserten vart òg filma og finst i videoen Rises Over Japan, som berre kom ut i Japan i 1985.

Innspelinga vart kutta kraftig ned for å passe på ei enkel vinylplate. Heile konserten er nymastra og gjeven ut i sin heilskap på This Time Around: Live in Tokyo i 2001. 2001-utgåva hadde i tillegg langt betre lydkvalitet.

På det originale plateomslaget stod det at albumet inneheldt ein konsertversjon av «Woman from Tokyo», når dette i røynda berre var ein del av ein kort jam av hovudriffet spelt under ein Jon Lord sine soloar.

Innhald

Medverkande Tommy Bolin - gitar, vokal David Coverdale - vokal Glenn Hughes - bass, vokal Jon Lord - tangentinstrument, Hammondorgel, korvokal Ian Paice - trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Last Concert in Japan» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:album produserte av Martin Birch Kategori:Konsertalbum frå 1976 Kategori:Deep Purple-konsertalbum