Anders Hagen (), var ein norsk arkeolog og sakprosaforfattar, fødd i Vang (no ein lut av Hamar) i Hedmark fylke, død i Bergen.
Hagen tok magistergraden i 1945, doktorgraden i 1954, vart konservator ved Universitetets Oldsaksamling ved Universitetet i Oslo i 1946, seinare førstekonservator same staden, og var professor i nordisk arkeologi ved Universitetet i Bergen frå 1961 og fram til han gjekk av med alderspensjon. I åra 1961 – 1969 var han leiar av Norges Naturvernforbund, og i 1970 – 1972 av Statens naturvernråd. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.
Hagen tok i 1958 initiativet til, og organiserte dei fyrste arkeologiske undersøkingane i høgfjellet i Sør-Noreg i samband med vassdragsreguleringar. Røynslene frå dette arbeidet var viktige då han tok initiativet til Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning (1970–75), som gjekk ut på å dokumentere Hardangerviddas kulturhistorie frå dei eldste tidene fram til vår eiga tid.
Bibliografi i utval Frå innlandets steinalder Norges oldtid 1967, 1983 Studier i vestnorsk bergkunst Bergkunst, Jegerfolkets helleristninger og malninger i norsk steinalder 1976 Cappelens verdenshistorie, bd. 1. Historiens røtter 1982 Gåten om kong Raknes grav: hovedtrekk i norsk arkeologi 1997
Sjå òg: Festskrift til Anders Hagen. 1988
Bakgrunnsstoff Anders Hagen hos Store Norske Leksikon Anders Hagen hos Store Norske Leksikon/utdypning
Kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske arkeologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Hamar Kategori:St. Olavs Orden