William Scott «Bill» Bruford () er ein engelsk trommeslagar, perkusjonist, komponist, produsent og eigar av eit plateselskap. Han var den første trommeslagaren for progrockbandet Yes, frå 1968-1972. Bruford har spelt med mange andre populære artistar sidan tidleg i 1970-åra, inkludert ein periode som trommeslagar for Genesis på turneen deira i 1976. Etter at han forlet Yes, og i forskjellige periodar fram til 1997, var Bruford trommeslagar for progrockbandet King Crimson. Bruford gjekk bort frå progressiv rock for å spele jazz, og starta sitt eige jazzband, Earthworks, som han dreiv i fleire år. Han trekte seg attende frå det aktive musikklivet i 2009, men driv framleis to plateselskap og snakkar om musikk. Sjølvbiografien hans, Bill Bruford: The Autobiography, kom ut tidleg i 2009.

Han byrja å spele trommer då han var tretten, og var påverka av jazz, noko ein kan høyre på tidlege Yes-album. Jazz vart verande viktig for spelestilen hans gjennom karrieren hans. Han hadde suksess tidleg i 70-åra med Yes og spelte på dei fem første albuma deira, inkludert The Yes Album, Fragile, og Close to the Edge. Han forlet Yes i 1972, men kom attende ein kort periode for Union som kom i 1991.

Diskografi Yes Yes (1969) Time and a Word (1970) The Yes Album (1971) Fragile (1972) Close to the Edge (1972) Yessongs (1973, konsert) Union (1991)

King Crimson Larks' Tongues in Aspic (1973) Starless and Bible Black (1974) Red (1974) USA (1975, konsertopptak frå 1974) Discipline (1981) Beat (1982) Three of a Perfect Pair (1984) The Great Deceiver (1992, konsertopptak 1973-1974) VROOOM (1994) THRAK (1995) B'Boom: Live in Argentina (1995, konsertopptak 1994) THRaKaTTaK (1996, konsertopptak 1995) The Night Watch (1997, konsertopptak 1973) Absent Lovers (1998, konsertopptak 1984) Live At The Jazz Café (1999 som del av The ProjeKcts-boksen, konsertopptak frå 1997) VROOOM VROOOM (2001, konsertopptak 1995-1996)

Gjestemusikar Chris Squire - Fish Out of Water (1975) Steve Howe - Beginnings (1975) Roy Harper - HQ (1975) Pavlov's Dog - At the Sound of the Bell (1976) Absolute Elsewhere - In Search Of Ancient Gods (1976) Genesis - Seconds Out (1977, live) Annette Peacock - X Dreams (1978) Steve Howe - The Steve Howe Album (1979) Genesis - Three Sides Live (1982, konsertopptak) Annette Peacock - Been In The Streets Too Long (1983) David Torn - Cloud About Mercury (ECM, 1986) Kazumi Watanabe - The Spice of Life (1987) Kazumi Watanabe - The Spice of Life Too (1988) Steve Howe - Turbulence (1991) Genesis - Genesis Archive 2: 1976-1992 (2000, konsertopptak) Michiel Borstlap - Every Step a Word, Every Word a Song (2004) Michiel Borstlap - In to Minds (2007)

UK U.K. (1978) Live in America (1978, konsertopptak, kom ut 2007)

Bruford Feels Good to Me (1978) One of a Kind (1979) Bruford - Rock Goes To College (1979 - kom ut 2006) Gradually Going Tornado (1980) The Bruford Tapes (1980, konsertopptak) Master Strokes: 1978-1985 (1986, samling)

Duett med Patrick Moraz Music for Piano and Drums (1983) Flags (1985)

Anderson Bruford Wakeman Howe Anderson Bruford Wakeman Howe (1989) An Evening of Yes Music Plus (1993)

Orkesterprosjekt med Steve Howe og Jon Anderson Symphonic Music of Yes (1993)

Earthworks Earthworks (1987) Dig? (1989) All Heaven Broke Loose (1991) Stamping Ground: Bill Bruford's Earthworks Live (1994, live) Heavenly Bodies (1997, compilation) A Part & Yet Apart (1999) The Sound of Surprise (2001) Footloose and Fancy Free (2002, live) Random Acts of Happiness (2004, live) Earthworks Underground Orcehstra (2006)

Med The New Percussion Group of Amsterdam Go Between (1987)

Bruford med Ralph Towner og Eddie Gomez If Summer Had Its Ghosts (1997)

Bruford Levin Upper Extremities Bruford Levin Upper Extremities (1998) B.L.U.E. Nights (2000, live)

Gordian Knot Emergent (2003)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bill Bruford» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Folk frå Sevenoaks Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Engelske jazztrommeslagarar Kategori:Yes-medlemmar Kategori:King Crimson-medlemmar Kategori:Canterbury scene