«The Court of the Crimson King» er det femte og siste sporet på debutalbumet til det britiske progrockbandet King Crimson, In the Court of the Crimson King frå 1969. Songen vart òg gjeven ut som singel og nådde 80. plass på Billboard Hot 100. I lag med «Heartbeat» er dette den einaste singelen som har nådd lista i USA.
Bakgrunn Sporet er dominert av eit markant riff, ein variant av Samuel Barber sin «Essay for Orchestra» (1938), framført på Mellotron. Hovuddelen av songen er delt opp i fire satsar, delt av ein instrumentaldel kalla «The Return of the Fire Witch». Songen har eit klimaks etter sju minutt, men held fram med ein liten reprise, kalla «The Dance of the Puppets», før han endar på ein brå og fri takt. Musikken vart komponert av Ian McDonald og teksten vart skriven av Peter Sinfield.
Medverkande Robert Fripp – gitar Greg Lake – bassgitar, solovokal Ian McDonald – Mellotron, cembalo, orgel, fløyte, calliope, korvokal Michael Giles – trommer, perkusjon, korvokal Peter Sinfield – tekstar
Salslister Liste (1970) Plassering U.S. Billboard Hot 100 80
Andre versjonar Doc Severinsen spelte inn songen i 1970 for albumet Doc Severinsen's Closet. Ein fransk versjon, «La cour du roi musicien,» framført av René Joly, nytta eit fullt orkester i staden for ein Mellotron, utgjeven i 1972. Songen vart spelt av det britiske heavy metal-bandet Saxon i 2001 på albumet deira Killing Ground. Songen vart spelt av Asia i 2006 på turneen deira det året. Songen vart spelt av King Crimson-medlemmane Ian McDonald og John Wetton med Steve Hackett på Hackett sitt Tokyo Tapes og av Greg Lake i lag med Gary Moore på Lake sitt Live at Hammersmith Odeon 1981, som kom ut i 1996. Songen vart framført av Howard Stern sitt studioband, The Loosers. Songen vart sungen av Greg Lake på turné med Ringo Starr & His All-Starr Band i 2001. Eläkeläiset spelte inn songen i 2012 på albumet deira Humppasheikkailu som Humpan kuninkaan hovissa. Bandet Arc Angel spelte inn songen på debutalbumet. Songen vart spelt av The Claypool Lennon Delirium på EP-en Lime and Limpid Green.
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «The Court of the Crimson King» frå , den 9. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:King Crimson-songar Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Debutsinglar frå 1969 Kategori:Songar med tekst av Pete Sinfield Kategori:Songar skrivne av Ian McDonald Kategori:Songar produserte av Greg Lake Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Island Records-singlar