Svegssjön er ein innsjø i Härjedalen i Sverige. Han har namn etter den nærliggande byen Sveg. Svegssjön er ein kraftverksdam som oppstod då Ljusnan, Veman og Härjeån vart oppdemt i 1975. Innsjøen har eit areal på ca 60 km² og høgda varierer mellom 358 og 369 meter over havet.

Det finst to kraftverk i direkte tilslutning til sjøen. Det største anlegget, som omfattar sjølve Svegdammen, ligg i nærleiken av Sveg. Det mindre kraftverket, som vart bygget alt i 1919, ligg ved Kvarnforsen i Härjeån, der denne munnar ut i Svegssjön. Anlegget vart bygd om i 1966 og 2006, og er eigd av Härjeåns Kraft AB.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svegssjön» frå , den 14. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Härjeåns Kraft AB

Kategori:Innsjøar i Härjedalen Kategori:Jämtlands län