Gärdesjön er ein innsjø ved Gärde i Krokom kommun i Jämtland i Sverige.
Ved utløpet til innsjøen, Gärdesån, er det 7000 år gamle helleristningar. Menneska som laga desse helleristningane er trudd å ha høyrt til eit fangstfolk som minst gjennom heile steinalderen heldt seg i området ved Gärde. Langs den vestre delen av Gärdesjön finst det mange steinalderbuplassar, og det er fleire fangstgroper rundt innsjøen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gärdesjön» frå , den 14. juni 2012.
Kategori:Innsjøar i Jämtland Kategori:Arkeologiske stader i Sverige