Storuman er ein 173 km² stor innsjø i landskapet Lappland i Sverige. Umeälven går gjennom innsjøen, som er 139 meter på det djupaste. Ved søraust-enden av innsjøen ligg tettstaden Storuman.

Innsjøen består av to lett fråskilde delar. Den ca. 30 km lange nordvestre delen er smal og svingete, og er omgjeven av 400-500 meter høye, bratte fjellsider. Her er innsjøen opptil 112 meter djup, med ei breidd på 500 meter. Den søraustlege delen av innsjøen er opptil 6 km brei, med nesten jamne kystlinjer.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Storuman (innsjø)» frå , den 15. juni 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Lappland i Sverige Kategori:Storumans kommun