Lysbeinlire (Ardenna carneipes) er ei stor, einsfarga mørkbrun lire i stormfuglfamilien. Lysbeinlirer har utbreiing i Stillehavet og i Indiahavet og hekkar i Australia, på øyar ved Nordøya på New Zealand og på øya Île Saint-Paul i Indiahavet.
Fuglen har kroppslengd på 44 centimeter, og veg ca. 600 gram. Lysbeinlirer har namn etter farga på beina, nebbet er òg bleikt, men med mørk nebbspiss. Elles er desse fuglane mørk, sjokoladebrune i fjørdrakta.Heather og Robertson, 2005
Store hekkekoloniar ligg på Lord Howe-øya aust for Australia, på øyar langs austkysten av Nordøya på New Zealand, ned til Cooksundet, på fastlandet av sørvestre Australia og på Île Saint-Paul. Utanom hekkesesongen, ca. april til seint i september, trekkjer dei spreitt over Indiahavet og Stillehavet og kan treffast utanfor Korea, Japan og Nord-Amerika.
Dei hekkar i store koloniar og kan blande seg med storvengpetrellar (Pterodroma macroptera), grålirer og dverglirer i felles koloniar. På New Zealand føregår hekking frå slutten av november, rugetida på det eine egget er ca. 53 dagar og ungen kan flyge etter ca. 92 dagar i april eller mai.
Lysbeinlirer et mest blekksprut og fisk og kan følgje kvalar, delfinar og fiskebåtar.
Populasjonen er estimert til totalt over 650 000 individ (2004) og er stabil.BirdLife International 2012
Kjelder
Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 BirdLife International (2012) Species factsheet: Puffinus carneipes . Henta frå http://www.birdlife.org den 30 mai 2012.
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av lysbeinpetrellear hos Internet Bird Collection
Kategori:Stormfuglfamilien Kategori:Fuglar i Oseania