Öringesjön er ein innsjø på grensa mellom kommunane Tyresö og Nacka i landskapet Södermanland i Sverige. Nackadelen av innsjøen ligg innanfor Erstavik. Innsjøen har mange grunne parti, har ei gjennomsnittsdjupne på under to meter, og er særs næringsrik. Öringesjön har eit lite nedbørfelt, og vert i sterk grad påverka av overflatevatn frå busetnader ved sørsida, Öringe og Rotvik.

Innsjøen er ein av dei mest artsrike i Södertörn når det gjelder vassvekster – 29 artar er registrert her. Fleire av artane er sjeldne, og er teke med på den nasjonale raudlista i Sverige.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Öringesjön» frå , den 16. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Öringesjön VISS

Kategori:Innsjøar i Södermanland