Ammerån er ei elv i Strömsund og Ragunda kommune i det nordaustre Jämtland i Sverige. Elva, som er ei sideelv til Indalsälven, er kjent for sitt gode fiske. Den eigentlege Ammerån er rundt 70 kilometer lang og renn frå Hammerdalssjön (302 moh) til munningen i Indalsälven nær bygda Ammer, 10 km nordaust for Hammarstrand.
Dei to viktigaste tilløpselvane til Ammerån er Storån og Öjån, der Storån vert rekna som hovudtilløp. Begge elvane munnar ut i Hammerdalssjön. Rekna frå kjelda til Storån er Ammerån totalt 199 kilometer lang.SMHI, Vattendragsregister Det finst få andre sideelvar, men nemnast kan Halån, Borgan, Målån og Färsån. Det totale nedslagsfelt til Ammerån er .SCB, Skyddad natur 31 dec 2007
Ammerån har vore aktuell for vasskraftutbygging, men protestane vart store, og Ammerån er no i staden verna mot vasskraftutbygging. Den delen av elva som byrjar ved Solbergsvattnet like nedanfor Edeforsen og held fram seks mil nedstraums er sidan 2003 verna som naturreservat.
Den største byen i nedslagsfeltet til Ammerån er Hammerdal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ammerån» frå , den 18. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Jämtlands län