Punkrock eller pønkrock (ofte berre kalla punk eller pønk) er ein sjanger innan rock som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla protopunk. Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Pønk omsluttar ei «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.

Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjend som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde pønken seg til resten av verda. Pønk vart raskt, men kortvarig, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. Stort sett hadde pønk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein pønkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar.

I starten av 1980-åra hadde meir aggressive former som hardcore og Oi! vorte dominerande former for punkrock. Artistar som starta som, eller var inspirert av, pønkband, utvikla post-punk og alternativ rock. Mot slutten av hundreåret klarte nye poppunkband som Green Day å gjere pønkmusikken populær, fleire tiår etter han først starta.

Kjenneteikn Filosofi Den første bølgja av pønkrockband ønskte å distansere seg frå den svulstige og sentimentale rocken som hadde oppstått i 70-åra.Robb (2006), forord av Michael Bracewell. Ut på 70-talet kunne pønkband etter kvart spele inn sin eigen musikk på eiga hand etter kvart som teknikkane hadde vorte tilgjengeleg. Mange ønskte å unngå dei mange effektane som var tilgjengeleg å ta musikken tilbake til eit meir grunnleggande nivåRodel (2004), s. 237; Bennett (2001), s. 49–50. Virtuos musikk vart ofte sett ned på. John Holmstrom, som grunnla det første pønkmagasinet skildrar pønk som «rock and roll av folk som ikkje var så musikalsk dyktige, men som følte dei måtte uttrykkje seg sjølv gjennom musikk».McLaren, Malcolm, "Punk Celebrates 30 Years of Subversion", BBC News, 18. august 2006. Vitja 19. september. I desember 1976 publiserte det engelske magasinet Sideburns bilete av tre akkordar med biletteksten: «Dette er ein akkord, dette er ein annan, dette er ein tredje. No kan du starte eit band.»Savage (1992), s. 280–281.

Fleire av dei førande personane i britisk pønkrock gjorde eit nummer av å avvise både dåtida sine populære rockestjerner og sjølv rockestjerner som var forgjengarane deira, som t.d. The Clash i songen «1977» med tekstlinja «No Elvis, Beatles or the Rolling Stones in 1977».Harris (2004), s. 202.

Musikk og tekst

Pønkrock band har ofte etterlikna den musikalske strukturen og arrangementa i garagerock i 1960-åra.Murphy, Peter, "Shine On, The Lights Of The Bowery: The Blank Generation Revisited", Hot Press, 12. juli 2002; Hoskyns, Barney, "Richard Hell: King Punk Remembers the [ ] Generation", Rock's Backpages, Mars 2002. Typiske pønkband nyttar ein eller to elektriske gitarar, ein elektrisk bass og eit trommesett, samt vokal. Pønkrocksongane er ofte kortare enn songar i andre populære songar. På Ramones sitt debutalbum er til dømes halvparten av dei fjorten songane under to minuttar lange. Dei fleste tidlege pønkrocksongar inneheld det tradisjonelle vers-refreng-formatet og 4/4-takt i rock and roll. I den andre bølgja av pønkrock gjekk derimot fleire band bort frå dette formatet.Blush, Steven, "Move Over My Chemical Romance: The Dynamic Beginnings of US Punk", Uncut, Januar 2007.

Pønkrockvokalen høyrest stundom nasal ut,Wells (2004), s. 41; Reed (2005), s. 47. og tekstane vert ofte ropt i staden for sunge på vanleg måte, særleg i hardcore-stilane.Shuker (2002), s. 159. Vokalen manglar ofte variasjon, endring i tonehøgde, styrke eller intonering. Johnny Rotten frå Sex Pistol er eit av dei viktige unntaka.Laing (1985), s. 58; Reynolds (2005), s. ix. Kompliserte gitarsoloar vert sett på som unødvendige, men grunnleggande gitarparti er vanlege.Chong, Kevin, "The Thrill Is Gone", Canadian Broadcasting Corporation, August 2006. Vitja 18. september 2008. Gitaren består ofte av sterkt forvrengde powerakkordar og barregrep.Quoted in Laing (1985), s. 62. Enkelte pønkrockband nyttar ein surf rock-stil med lettare, og meir twang-aktig gitartone.Palmer (1992), s. 37. Bassgitaren spelar ofte ukompliserte linjer,Laing (1985), s. 62. men enkelte punkrockbassistar som Mike Watt frå The Minutemen nyttar meir tekniske basslinjer. Bassistane nyttar ofte plekter for å få kunne spele same tone raskare, noko som er vanskelegare med å berre bruke fingrane. Trommene er som regel kraftige og tørre, og ofte med eit enkelt oppsett. Samanlikna med andre former for rock vert synkope sjeldan nytta.Laing (1985), s. 61–63. I hardcore er trommene ekstra raske. Produksjonen er ofte minimalistisk og enkelte spor er stundom spelt inn på vanlege kassettspelararLaing (1985), s. 118–119. eller på enkle opptakarar med fire spor. Pønkinnspelingar har derfor ofte ein dårleg lyd.

mini|The Clash spelar i 1980 Pønktekstane er ofte enkelte og konfrontasjonsaktige samanlikna med andre populære musikksjangrar. Ofte har dei tema som samfunn og politikk.Sabin (1999), s. 4, 226; Dalton, Stephen, "Revolution Rock", Vox, Juni 1993. Trendesettande songar som «Career Opportunities» av The Clash og «Right to Work» av Chelsea omhandla arbeidsløyse og det harde bylivet.Laing (1985), s. 31. Særleg i tidleg britisk pønk var det eit viktig mål og fornærme og sjokkere allmugen.Laing (1985), s. 81, 125. The Sex Pistols sin klassikarar «Anarchy in the U.K.» og «God Save the Queen» kritiserer ope det britiske politiske systemet og samfunnet. Andre mykje brukte tema er antisentimentale skildringar av kjærleik og sex, som «Love Comes in Spurts» av Richard Hell. Mange pønkrocksongar har òg ofte meir tradisjonelle rock and roll-tema som sjekking, hjartesorg og fritidssysler. Døme på dette er Ramones-songen «I Wanna Be Your Boyfriend»

Visuelle og andre element mini|venstre|Britiske pønkarar, om lag 1986 Den klassiske pønkrock-stilen hos amerikanske mannlege pønkarar var t-skjorte, motorsykkeljakke og jeans, liknande rockabilly-stilen i 50-åra og britiske rockarar på 60-talet. Richard Hell sin meir androgyne og slaskete stil og som visstnok fann opp tryggleiksnål-stilen, hadde store innverknad på Sex Pistols sin impresario Malcolm McLaren og igjen heile den britiske pønkstilen.Colegrave and Sullivan (2005), s. 78. Tidlege kvinnelege pønkarar hadde stilar som varierte frå bondage-stilen til Siouxsie Sioux til Patti Smith sin meir slaskete stil.Strohm (2004), s. 188. Førstnemnde hadde mykje større innverknad på den kvinnelege stilen.Laing (1985), "Picture Section", s. 18. Etter kvart vart tatoveringar, piercingar og naglar vanlege element i pønkmoten. Hårstilen til mannlege pønkarar var ofte kort og den karakteristiske hanekamfrisyren kom seinare.Wojcik (1995), s. 16–19; Laing (1985), s. 109. Hardcorepønkarar hadde ofte barberte hovud.

Før pønken oppstod Garagerock og mod

Garagerockbanda på første halvdel av og midten av 60-åra kan reknast som forgjengarar for pønken. The Kingsmen var eit garageband frå Portland i Oregon, USA som hadde eit gjennombrot med si utgåve av songen «Louie, Louie» i 1963. Dei har vorte kalla «urtexten som definerte pønkrocken».Sabin (1999), s. 157. Den minimalistiske stilen til mange garageband påverka fleire band i den britiske invasjonen til å nytte ein hardare stil. The Kinks sine hitsinglar i 1964, «You Really Got Me» og «All Day and All of the Night», har vorte skildra som forgjengarar for heile tregreps-sjangeren, The Ramones sin «I Donvt Want You» frå 1978 var til dømes særs Kinks-liknande.Harrington (2002), s. 165. I 1965, gjekk The Who raskt vidare frå debutsingelen «I Can’t Explain», som òg var særs Kinks-liknande, til «My Generation». Sjølv om hadde liten innverknad i USA viste The Who sin mod-song ei blanding av den musikalske villskapen og den opprørske haldninga som kjenneteikna mykje av tidleg britisk punkrock.Reed (2005), s. 49.

Protopunk

mini|Iggy Pop, «punken sin gudfar» I 1969 debuterte to band frå Michigan med album som vert rekna som sentrale innan protopunk. I januar gav Detroit-bandet MC5 ut Kick Out the Jams. I august gav The Stooges med songar Iggy Pop frå Ann Arbor ut sitt sjølvtittulerte album. Albumet var produsert av John Cale, tidlegare medlem av The Velvet Underground.

Tidleg i 1970-åra oppgraderte New York Dolls den opphavlege villskapen i rock and roll frå 1950-åra på ein måte som seinare vart kjend som glampunk.Harrington (2002), s. 538. New York-duoen Suicide spelte ein sparsam, eksperimentell musikk med eit sceneopptrede som var inspirert av The Stooges.Bessman (1993), s. 9–10. I Boston fekk The Modern Lovers merksemd med ein minimalistisk stil. I 1974 starta eit garagerockmiljø rundt den nye klubben Rathskeller i Kenmore Square. Her spelte mellom anna Real Kids, som vart grunnlagd av John Felice, tidlegare i Modern Lover, Willie Alexander and the Boom Boom Band, der Alexander tidlegare hadde vore medlem av Velvet Underground i 1971, og Mickey Clean and the Mezz.Andersen og Jenkins (2001), s. 12. I Ohio oppstod eit undergrunnsmiljø med band som Devo, The Electric Eels, Mirrors og Rocket from the Tombs. I 1975 delte Rocket from the Tombs seg i Pere Ubu og Frankenstein. The Electric Eels og Mirrors vart lagt ned, og The Styrenes oppstod frå restane.Klimek, Jamie, "Mirrors", Jilmar Music; Jäger, Rolf, "Styrenes—A Brief History" , Rent a Dog. Vitja 18. september 2008.

I Storbritannia hadde bandet Deviants seint i 1960-åra ein psykedelisk stil med ein satirisk og anarkiaktig vri og ein hang for situasjonisme som kom nesten før ti år før Sex Pistols. I 1970 utvikla bandet seg til Pink Fairies, som heldt fram på liknande vis.Unterberger (1998), s. 86–91. Med Ziggy Stardust-personen gjorde David Bowie list og overdriving til sentrale element og dette vart plukka opp av Sex Pistols og enkelte andre punkband.Laing (1985), s. 24–26. Doctors of Madness bygde på Bowie sin måte å presentere konsept på, medan dei musikalsk flytta seg mot punk. Band i pubrock-miljøet i London strippa musikken ned til meir grunnleggjande, hard og R&B-influert rock and roll. Det mest kjende bandet frå dette miljøet var i 1974 Dr. Feelgood, som bana veg for andre som The Stranglers og Cock Sparrer, som skulle spele ei rolle i punkeksplosjonen. Av pubrockband som oppstod dette år finn ein The 101'ers, som hadde Joe Strummer som frontmann.Robb (2006), s. 51.

Òg i andre land finn ein spor av punk hos fleire band, før punkrørsla oppstod. I Tyskland finn ein NEU!, som vart danna i 1971 og bygde på krautrock-tradisjonen til band som Can. I Japan finn ein Zunō Keisatsu («Hjernepolitiet») som blanda garagerock og folkemusikk. Dei vart stundom sensurert i heimlandet og på konsertane skal det minst ein gong ha førekome masturbasjon på scenen.Anderson (2002), s. 588. Ein ny generasjon australske garageband, som hovudsakleg var inspirert av The Stooges og MC5, flytta seg stadig nærare lydbilete som seinare vart kalla punk, mellom anna The SaintsUnterberger (2000), s. 18. og Radio Birdman.

Opphavet til uttrykket punk