Marco Tardelli, () er ein italiensk tidlegare fotballspelar og seinare trenar. Han var ein av dei sentrale spelarane på Italia sitt lag som vann VM-gull under VM i fotball 1982. Tardelli skåra mellom anna eitt av måla i finalen mot Vest-Tyskland. Gjennom ti års spel på Juventus var han med å vinne alle dei tre store cupane i europeisk fotball. Tardelli var ein drivande midtbanespelar som deltok både offensivt og defensivt.http://en.wikipedia.org/wiki/Marco_Tardelli Etter si tid som aktiv har Tardelli arbeidd som trenar, mellom anna for det italienske U21-laget.
Klubbspel Tardelli debuterte i 1972 i Pisa SC i Serie C og spela sidan i Serie B-klubben AC Como. I 1975 fekk han kontrakt med Juventus, der han hadde sine beste år som fotballspelar. Han vart fleire gongar italiensk serie- og cupmeister og var med å vinne høvesvis UEFA-cupen i 1977, Cupvinnarcupen i 1984 og Europacupen i 1985.
Etter ti år, 259 kampar og 34 mål, flytta Tardelli i 1985 frå Juventus for spel i Inter. Han spela to sesongar i Inter, før han avslutta som profesonell fotballspelar med ein sesong i FC St. Gallen i Sveits.
Landslagspel År 1976 debuterte Tardelli for Italia under Enzo Bearzot mot Portugal. To år seinare var han med i Italias VM-lag som kom på fjerdeplassen under VM i Argentina. I 1980 var Tardelli med på laget som vart EM-firar på heimebane.
Hans store stund på landslaget kom under VM 1982, då han var ein nøkkelspelar på det Italia som vann landets tredje VM-tittel. Tardelli vart på sett og vis matchvinnar då han i andre omgangen la på til 2-0, kampen enda med 3-1 til Italia over Vest-Tyskland. Langskotet hans utløyste vill glede; Tardelli sprang mot den italienske innbytarbenken bankande mot brystkassa og skreik «mål!, mål!».The Independent: The most memorable goal celebrations: 'Tardelli Cry' Han i spela sin 81. og siste landskamp mot Noreg hausten 1985, ein kamp som overraskande enda med norsk siger 2-1. Tardelli var med i VM-tropppa 1986, men spela ikkje i meisterskapen.
Trenar Tardelli har mellom anna vore trenar for AC Cesena, Italias U21-landslag, Inter og AS Bari. I 2000 leia han U21-landslaget til siger i den europeiske meisterskapen for ungdomslag. Han var ein kort periode landslagtrenar for Egypt. I 2008 vart han assistenten til landslagstrenar Giovanni Trapattoni for Irland.
Merittar VM-gull i 1982 Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus Italiensk seriemeister 1977, 1978, 1981, 1982 og 1984 med Juventus Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marco Tardelli» frå , den 24. juni 2012.
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Italienske fotballtrenarar Kategori:Como-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Pisa-spelarar Kategori:St. Gallen-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2000