Eksjö kommune ligg i det svenske länet Jönköpings län. Administrasjonssenter i kommunen er Eksjö.
Opprøret til Nils Dacke i 1524 hadde fotfeste i Eksjö, og byen var ein av dei seks stadene der det oppkutta liket til Dacke vart hengt opp til skrekk og åtvaring. Byen vart brent ned under den nordiske sjuårskrigen i 1568. Eksjö garnison har røter attende til 1400-talet.
Den omkring 800 meter lange og mellom 7 og 24 meter breie kløfta Skurugata ligg i Eksjö kommune.
Forfattaren Albert Engström kom frå kommunen.
Kommunekommunevåpenet Blasonering: På sølvbotn ei grøn eik.«I fält av silver ein grön ek.».
Eika kjem truleg frå kommunenamnet og finst på eit bevart seglavtrykk frå 1439. Kommunevåpenet vart offisielt først i 1949. Ved kommunedanninga i 1971 fanst det to forskjellige kommunevåpen, dette for Eksjö stad, og eit for Höreda landskommun. I 1974 let kommunen registrere det gamle bykommunevåpenet som kommunevåpenet.
Tettstader Eksjö kommune har seks tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# Tettstad Innbyggjarar 1. Eksjö 9 676 2. Mariannelund 1 554 3. Ingatorp 501 4. Hult 473 5. Hjältevad 345 6. Bruzaholm 274
Folketalsutvikling
Venskapsbyar Neusäß i Bayern, Tyskland (1995) Barlinek i Polen (1996) Ærøskøbing og Marstal på Ærø i Danmark (2001) Schneverdingen i Niedersachsen, Tyskland (2001)
Utanom dei formelle venskapsbyane finst det òg andre internasjonale kontaktar og projektpartnarar. Skulene har kontakter på mange ulike plasser, til dømes Eritrea, Nederland, Irland, Skottland, Tsjekkia, Kenya og Tyskland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eksjö kommune» frå , den 25. juni 2012.
Fotnotar
Kategori:Kommunar i Jönköpings län