Malå kommune er ein svensk kommune i Västerbottens län i Lappland. Malå kommune grensar til nabokommunane Sorsele, Lycksele, Norsjö og Arvidsjaur. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Malå.
mini|venstre|Samisk tømmergamme ved Koppsele, Malå kommune
Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk og Malå kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Næringsliv Kommunen har store skogsområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar. Òg reindrift vert driven her, og den sørlegaste skogssamebyen i Sverige finst i kommunen.Om Malå frå Malå kommunes hjemmesider
Malå ligg i eit område med det mest interessante mineralfeltet i Nord-Europa for utvinning av gull, sink og kopar, og gruvedrift er ei viktig næring i kommunen. Sveriges geologiska undersökning har mineralinformasjonskontoret sitt i Malå, som mellom anna har eit borekjernearkiv med 3,5 millionar meter med borekjernar frå heile Sverige.Om Malå frå Malå kommunes hjemmesider
Tettstader Malå kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# Tettstad Innbyggjarar 1. Malå 2 089
Mindre tettstader i Malå kommune Adak Aspliden Rentjärn Rökå
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malå kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Kommunar i Västerbottens län