Arjeplog kommune ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Kommunen har grenser mot dei svenske nabokommunane Jokkmokk, Arvidsjaur og Sorsele og grensar òg mot Saltdal kommune i Noreg. Administrasjonssenter i kommunen er Arjeplog. Arjeplog er den fjerde største kommunen i Sverige i utstrekning med eit areal på 14 494,09 km².

Geografi Det finst over 8700 innsjøar og vassdrag i kommunen. Dei største vassdraga er Pite älv, Skellefte älv og Laisälven (sideelv til Vindelälven). Den djupaste innsjøen i Sverige, Hornavan, ligg i kommunen. Ein annan innsjø i kommunen er Tjålmejaure, kjend for sitt rike fugleliv. Nasjonalparken Pieljekaise, 13 naturreservat og eit område for faunavern ligg i kommunen.

Riksväg 95 mellom Skellefteå og grensa til Noreg går gjennom kommunen.

Folketal Arjeplog er den femte minste kommunen i Sverige målt i folketal med 3116 innbyggjarar og er den svenske kommunen med lågast folketettleik, berre 0,2 innbyggjarar/km².

Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Tettstader Arjeplog kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar1.Arjeplog1 947

Bilete

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arjeplog kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Norrbottens län