Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Byen har ei fortid som hovudstad i det sjølvstendige Israel under David si ætt, Israel/Judea, seinare hovudstad for Hasmonearane sitt rike og for Herodes sitt kongerike, noko som gjer byen viktig for jødane og for dei kristne. Byen er òg religiøst viktig for muslimane då det var her profeten Muhammed skal ha utført si himmelreise frå.

Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Etter SN sin delingsplan frå 1947 skal Jerusalem vera ein internasjonal by under SN-styre. Israel vedtok ei lov der det vart slege fast at Jerusalem var Israel sin «evige og udelelege hovudstad».

I Jerusalem ligg mellom anna den jødiske heilagdommen Vestmuren, òg kjend som «Klagemuren» blant ikkje-jødar, Gravkyrkja, som etter tradisjonen er bygd over Jesu grav, og den muslimske Klippedomen frå 700-talet.

Namn mini|venstre|«Hierosolima». Stikk frå 1493. Ein by kalla Rušalimum eller Urušalimum er omtalt i egyptiske tekstar frå ca. 2000 f.Kr. og 1330 f.Kr. Namnet tyder truleg 'grunnen åt Sjalim', der Sjalim er ein semittisk gud.«Jerusalem.» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011. Jødisk tradisjon knyter namnet til hebraiske sjalom, 'fred'. Fyrste Mosebok nemner Salem, som truleg er den same byen.

Klassisk hebraisk [jərūšā'laim] er ei seinare fom av namnet. På moderne israelsk hebraisk Yerushalayim [jərūšā'lajim]. Ūršalīm er ei arabifisert form av dette namnet. På arabisk er byen mest kjend som Al-Quds (القدس [al-qūds]), 'den heilage', eller Bayt al-Muqaddas, 'heilag stad'.

På bibelsk gresk blir byen kalla Ιερουσαλήμ, Hierousalēm/Ierousalēm eller Ιεροσόλυμα Hierosolyma/Ierosolyma, som har påverka europeiske namn på byen. Eit norrønt namn på byen er Jorsal, kjend frå kongsnamnet Sigurd Jorsalfare.SNL/NBL

Historie Med tanke på den sentrale stillinga byen har i både jødisk nasjonalisme (sionisme) og palestinsk nasjonalisme vert oppsummeringa av den meir enn 5 000 år gamle historia til Jerusalem ofte påverka av ideologiske fordommar eller bakgrunn. Til dømes er dei jødiske periodane av byhistoria viktige for sionistane, som snakkar om at dei moderne jødane ættar frå israelittane og makkabearane,«Ingen by i verda, ikkje ein gong Aten eller Roma, har spelt ei så stor rolle i livet til ein nasjon over så lang tid, som Jerusalem har gjort i livet til det jødiske folket.» David Ben-Gurion, 1947«I tre tusen år har Jerusalem vore eit senter for jødisk håp og lengsel. Ingen annan by har spelt ei så dominerande rolle i historie, kultur, religion og medvit for eit folk som Jerusalem har i livet til jødar og jødedomen. Gjennom hundrevis av år i eksil har Jerusalem levd i hjarta til jødar alle stader som midtpunktet for jødisk historie, symbol på gammal prakt, åndeleg oppfylling og moderne fornying. Dette hjartet og sjela i det jødiske folket skaper tanken på at om du vil ha eit enkelt ord for å symbolisere alt av jødisk historie, ville det ordet vere 'Jerusalem'.» Teddy Kollek (DC: Washington Institute For the Near East Policy, 1990), s. 19–20. medan islamske, kristne og andre ikkje-jødiske periodar i byen har vore viktig for palestinsk nasjonalisme, som snakkar om at moderne palestinarar ættar frå alle dei forskjellige folkegruppene som har levd i regionen.«Gjennom historia har eit mangfald av folk flytta inn i regionen og gjort Palestina til heimlandet sitt: kanaanittar, jebusittar, filistrane frå Kreta, anatoliske og lydiske grekarar, hebrearar, amorittar, edomittar, nabatearar, aramenarar, romarar, arabarar og europeiske krossfararar, for å nemne nokre få. Kvar av dei har gjennom tidene kjempa for suverenitet og land. Andre, som egyptarane, hetittane, persarane, babylonarar og mongolane, var historiske «hendingar» som med dei påfølgjande okkupasjonane skapte like store øydeleggingar som eit stort jordskjelv... Som stjerneskot skein desse kulturane i ein kort periode før dei forsvann ut av dei offisielle historiske og kulturelle kjeldene i Palestina. Folket overlevde likevel. I skikkane og kulturen sin, overlevde fossil av desse gamle sivilisasjonane fram til moderne tider - rettnok kamuflert under ferniss av islam og arabisk kultur.» Ali Qleibo, palestinsk antropolog«(Med referanse til osmansk tid) Sjølv om dei er stolte av den arabiske arva og ætta si, reknar palestinarane seg sjølv som etterkomarar ikkje berre av arabiske erobrarar frå 600-talet, men òg frå folket som då alt var der på den tida, som dei gamle hebrearane og kanaanittane før dei. Fullstendig klar over eigenarten i palestinsk historie, såg palestinarane seg sjølv som arvingar av dei rike assosiasjonane.» Walid Khalidi, 1984, Before Their Diaspora: A Photographic Historie of the Palestinians, 1876–1948. Institute for Palestine Studies Som følgje av dette, hevdar begge sider at historia til byen har blitt politisert av den andre for å styrke sine eigne krav på byen, og at ho er boren fram av fokuset kvar forfattar har på forskjellige hendingar og epokar i byhistoria.

Den første tida mini|venstre|Steinstruktur i Davidsbyen.

Keramiske funn indikerer at Davidsbyen, som ligg innafor dagens Jerusalem, var busett så langt attende som koparalderen (ca. 3000-talet fvt.), med bevis for ei permanent busetnad tidleg i bronsealderen (ca. 3000–2800 fvt.).cal Assessment" in Andrew G. Vaughn and Ann E. Killebrew, eds., «Jerusalem in Bible and Archeology: The First Temple Period" (SBL Symposium Series 18; Atlanta: Society of Biblical Literature, 2003) Forbanningstekstane (ca. 1800-talet fvt.), som referer til ein by kalla rwš3lmm, transkribert på forskjellige måtar som Rušalimum/Urušalimum/Rôsh-ramenNadav Na'aman, op.cit s.178–179. og Amarnabreva (ca. 1300-talet fvt.) kan vere første gongen byen er nemnt. Somme arkeologar, inkludert Kathleen Kenyon, meiner Jerusalem vart grunnlagd av nordvestlege semittar med organiserte busetnader frå kring 2600 fvt. Nadav Na'aman hevdar at festningsverka var senteret i eit kongedøme datert til kring 1700-talet fvt.Nadav Naʼaman, Kanaan in the 2nd Millennium fvt., s.180. Den første busetnaden låg på Ophelhøgda.Jerome Murphy-O'Connor, Keys to Jerusalem: Collected Essays, Oxford University Press, 2012 s.4. Bibelen nemner først Jerusalem («Salem») som styrt av Melkisedek, ein alliert av Abraham.

Seint i bronsealderen var Jerusalem hovudstaden i ein bystat som var vasall under egyptarane,Jane M. Cahill, «Jerusalem at the time of the United Kingdom of Israel», i Andrew G. Vaughn, Ann E. Killebrew (eds.)Jerusalem in Bible and Archeology: The First Temple Period, Society of Biblical Literature, 2003 s.33. og var då ein liten busetnad som styrte over eit par kringliggande landsbyar og beitemarker, med ein liten egyptisk garnison styrt av herskarar utpeikt av kong Abdi-Heba,Israel Finkelstein, Neil Asher Silberman,The Bible Unearthed: Archeology's New Vision of Ancient Israel and the Origin of Sacred Texts, Simon and Schuster 2002 s.239. På tida til Seti I og Ramses II vart det gjort store utbyggingar medan velstanden auka.Jerome Murphy-O'Connor, Keys to Jerusalem: Collected Essays, Oxford University Press, 2012 s.5–6.

Denne perioden, då Kanaan var ein del av det egyptiske riket, samsvarar i Bibelen med invasjonen til Josva.K.L. Noll, Kanaan and Israel in Antiquity: An Introduction, Continuum Publishing, 2002 s.78. I Bibelen vert det skrive at Jerusalem låg i området som høyrte til Benjamin-stammaJosva 18:28Nadav Naʼaman, Kanaan in the 2nd Millennium fvt., s.189: 'Josva kan ikkje reknast som ei truverdig kjelde for rekonstruksjonen av nettverket av kanaanittiske byar. Heller ikkje kongane i Jeriko, Ai, Bethel, Hebron og Debir, eller presentasjonen av Jerusalem som leiar for ein kanaanittisk koalisjon kan reknast som bevis for rekonstruksjon av røyndomen i sein bronsealder. Ein bør ikkje velje ut tilfeldige bevis frå bibelske kjelder for å støtte ein teori. Konklusjonane må trekkjast på grunn av tidlege kjelder og arkeologiske funn’. men var okkupert av jebusittane. Kong David er sagt å ha erobra desse i omleiringa av Jebus, og flytta hovudstaden sin frå Hebron til Jerusalem, som då vart hovudstaden i eit samla Kongedømet Israel,Nadav Naʼaman Kanaan in the 2nd Millennium fvt., s.183. og eit av fleire religiøse senter.Israel Finkelstein, Neil Asher Silberman,The Bible Unearthed, s.238. Valet kom kanskje av at Jerusalem ikkje var ein del av stammesystemet i Israel, og dermed høvde godt som eit senter for føderasjonen. Meiningane er delte om ein stor stein struktur og ein nærliggande trappeforma steinstruktur kan ha vore ein del av palasset til kong David, eller er datert til ein seinare periode.Israel Finkelstein, Amihay Mazar, Brian B. Schmidt, (eds.) The Quest for the Historical Israel, Society of Biblical Literature, 2007 s.104 113, 125–8 165,174.

Ifølgje Bibelen regjerte kong David i 40 år.1 Samuel 31:1–13:2 Samuel 5:4–5; Finkelstein, Silberman, op.cit.s.20. Det generelt aksepterte estimatet for slutten av regjeringstida hans er 970 fvt. Bibelen skriv at David vart etterfølgd av sonen sin Salomo, som bygde Det heilage tempelet på Moriafjellet. Salomotempelet (seinare kjend som Det første tempelet) spelte ei sentral rolle i jødisk historie som staden der Paktarken låg. Så langt er det ikkje funne arkeologiske bevis for at Salomotempelet har eksistert og det er ikkje nemnt i andre kjelder enn Bibelen.BBC Science and Nature Då Salomo døydde, braut ti av dei nordlege stammene i Israel ut av Det samla kongedømet Israel og danna sine eigne nasjonar, kongar, profetar, prestar, tradisjonar knytte til religion, hovudstader og tempel nord i Israel. Dei sørlege stammene, i lag med det aaronidske presteskapet, vart verande i Jerusalem, og byen vart hovudstaden i Kongedømet Judea.Richard A. Freund,Digging Through The Bible: Modern Archeology and the Ancient Bible, Rowman & Littlefield, 2009p.9. Frå den gamle israelittiske perioden er det òg gjort arkeologiske funn av Hiskiatunnelen, ein akvedukt bygd av den judeiske kongen Hiskia og dekorert med gamle hebraiske inskripsjonar, kjend som Siloaminskripsjonen,Robb Andrew Young, Hezekiha in History and Tradition, s. 49 Breidmuren, eit forsvarsverk bygd på 700-talet fvt., òg av Hiskia, Silwanmonolitten, grava til den kongelege statthaldaren, som var dekorert med monumentale hebraiske inskripsjonar, og Israelittartårnet, restar av eit gammalt festningsverk, bygd av store, kraftige steinar med utskorne hjørnesteinar, finst òg frå denne perioden. Eit stort vassreservoar datert til denne perioden vart oppdaga i 2012 nær Robinsonbogen, og indikerte at det fanst eit tettbygd kvarter i området like vest for Tempelhøgda under det judeiske kongedømet.

Då assyrarane erobra Kongedømet Israel i 722 fvt., vart Jerusalem styrkt ved at mange flyktningar drog hit frå dei nordlege kongedøma. Perioden med Det første tempelet enda kring 586 fvt., då babylonarane erobra Judea og Jerusalem, og la Salomotempelet i ruinar.

Antikken