Haparanda (finsk Haaparanta) er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Den er administrasjonssenter for Haparanda kommun og i 2005 hadde byen 4 778 innbyggjarar.
Haparanda fekk bystatus i 1842. Han ligg ved finskegrensa ved Bottenviken og er den austlegaste byen i Sverige. Like over grensa, som går langs Torne älv, ligg den finske byen Torneå (finsk: Tornio). Dei to byane på kvar side av riksgrensa vert ofte rekna som ein samanvaksen by, og vert gjerne omtalt som Haparanda-Torneå.
mini|venstre|Jernbanestasjonen i Haparanda
Haparandabanan knyter Haparanda til det svenske og det finske jarnbanenettet. Det kjem tre dag til stasjonen kvar kvardag. Persontrafikken på bana var lagt ned mellom 1992 og 2021, og i denne perioden var det berre godstrafikk på strekninga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Haparanda» frå , den 2. juli 2012.
Kategori:Haparanda kommun Kategori:Byar i Sverige Kategori:Tettstader i Norrbottens län