1783 (romartal MDCCLXXXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 8. juni - Vulkankjeda Lakagígar på Island fekk eit utbrot som varte i åtte månader. 9350 personar (20 % av folket på Island) omkom i løpet av ein sjuårlang svoltperiode. Stor- og småfe døydde grunna forureina gras, i tillegg til feilslåtte avlingar. Europa fekk fleire kalde somrar på rad og ei giftsky som spreidde seg utover Vest-Europa i august-september tok særs mange liv, truleg 23 000 berre i Storbritannia. Krim-khanatet vart annektert av Tsar-Russland
Noreg
mini| Nikolai Frederik Severin Grundtvig vart fødd 8. september 1783
Fødde
2. januar: Christoffer Wilhelm Eckersberg, dansk målar 8. januar: Peter Deinboll, dansk-norsk prest og entomolog 17. mai: Cleng Peerson, norsk-amerikansk utvandringspioner 24. juli: Simon Bolivar, søramerikansk krigar og politikar 8. september: Nikolai Frederik Severin Grundtvig, dansk prest og forfattar 25. desember: Ole Bjørnsen, norsk gardbrukar
Døde
18. september: Leonhard Euler, sveitsisk matematikar og fysikar 16. desember: Johann Adolf Hasse, tysk komponist
nv:1751 – 1800