Innertavle er ein svensk tettstad i Umeå kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 549 innbyggjarar. Innertavle ligg mellom Tomtebo og Täfteå, cirka ti kilometer sør for Umeå.
Det er opphavleg ei jordbruksbygd som inntil 1970-/1980-talet var særs tynt folkesett. Dei siste åra er staden utbygd, og i dag har staden over 500 innbyggjarar.
Innertavle har kyrkje, bygdegard og eigen barneskule (1. til 4. trinn). Dei eldre barna pendlar til skular i Umeå. Både Innertavle og nabobygda Yttertavle har fått namn frå Tavelån, elva som renn gjennom Innertavle og forbi Yttertavle.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Innertavle» frå , den 2. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Innertavle.se (lokal nettstad) Satellittkart over Innertavle og området rundt
Kategori:Umeå kommun Kategori:Tettstader i Västerbottens län