Okaritokivi, Apteryx rowi, òg kjent som rowi, er ein medlem av kivifamilien, Apterygidae, og blei skildra som ny for vitskapen i 2003. Arten er ein del av brunkivikomplekset, tidlegare ein art brunkivi, Apteryx australis, og er morfologisk svært lik dei to andre medlemmene, sørbrunkivi og nordbrunkivi. I utsjånad skil okaritokivi seg frå dei andre kiviartane ved å ha mjukare og meir gråleg fjørdrakt og har ofte kvite flekker i andletet.
Blant dei fleste kiviartar rugar hannen aleine, men hos okaritokivi tar begge kjønn del i ruging av egget. Dei fleste para er monogame gjennom heile livet. Livslengda er særs lang for denne kiviarten, i gjennomsnitt ca. 80 år.
Vernestatus er gjeve som 'nasjonalt kritisk'. Predasjon, hovudsakleg frå importerte dyr som røyskatt, er den største trusselen mot okaritokivi. Naturvernarbeid for kontroll av røyskatten har vore delvis vellykka i å gjenopprette populasjonen av okaritokivi. Likevel er framleis eksistens av denne arten inne i ein skjør fase.
Arten finst i eit avgrensa område av Okarito-skogen på vestkysten av Sørøya på New Zealand, og har ein populasjon på berre ca. 370 individ. Små mengder rowi er sette ut på rovdyrfrie øyar i Marlborough Sounds. Den 29. juni 2010, blei tre hekkande par lauslatne på Blumine Island som ein del av eit avlsprogram. Populasjonen på øyane bidreg til å sikre arten om noko skjer med den naturlege bestanden i Okarito. Øyane gjev òg unike tilhøve for forsking på arten.DoC, Facts about rowi, 2012
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Okarito Kiwi» frå , den 7. juli 2012 BirdLife International (2014) Species factsheet: Apteryx rowi. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. januar 2015 Department of Conservation, New Zealand (2012) Facts about rowi. Henta frå http://doc.govt.nz/ den 7. juli 2012.
Referansar
Kategori:Kivifamilien