Pygoscelis er ei biologisk slekt av pingvinartar som inkluderer mellomstore pingvinar utan ornament på hovudet. Dei lever i Antarktis og på den subantarktiske ryggen. I denne slekta finn ein tre nolevande artar og tre fossile artar (P. tyreei, P. grandis og P. calderensis).
Slekta Pygoscelis har ein sirkumpolar distribusjon avgrensa til områda i Antarktis og Sørishavet, med bøylepingvinen som strekkjer seg lengst nord, og når atlanterhavskysten av Sør-Amerika opp til 43 ° S, og øyane sør for New Zealand. Men dei fleste hekkar på subantarktiske og på kontinentet Antarktika.
Artsliste Pygoscelis-pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Adeliepingvin, Pygoscelis adeliae Bøylepingvin, Pygoscelis papua Ringpingvin, Pygoscelis antarcticus
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pingvinar Kategori:Fugleslekter