Voksa er ei 1,4 km² stor, låglendt øy, og ei øygruppe, sør for Sandsøya i Sande kommune på Sunnmøre. Til øygruppa høyrer øyane Hestholmen, Flatøya og Marøya, samt ei rad holmar og skjer. Mellom Voksa og Sandsøya er eit to km breidt sund, sundet mellom Sandsøya og Marøya (aust for Voksa) er vel ein kilometer breidt.
Voksa er matrikkelgard nummer 63 i Sande. Garden var delt mellom tre og fem brukarar gjennom 1600- og 1700-åra. På 1800-talet voks talet på brukar til ni, frå 1833 vart også Flatøya busett, dei andre øyane og holmane har aldri vore busette. Folketalet i Voksa var 35 i 1835 og steig til 68 i 1891. Gjennom 1900-talet låg folketalet noko lågare, men alltid over 50.
Sidan kringom 1965 har Voksa hatt ferjesamband med Kvamsøya, Åram og Larsnes. Veg til Sandsøya, bygt på fyllingar og med enkelte bruer, stod ferdig i 1978. Vegen går frå Voksa over Marøya til Varholmen og Sandsøya.
Det er fleire gravrøyser frå steinalderen på øya.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sande herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 30 59 36 26
Kjelder
Sandesoga. Band III, Volda, 1997 Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Sande i Møre og Romsdal