Chrzanów er ein by sør i Polen med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg i Veslepolske voivodskap, men frå 1975 til 1998 var han i Schlesiske voivodskap (Śląskie).

Historie Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1178. Han fekk byrettar i 1393. Han vart annektert av Habsburgmonarkiet og Austerrike i 1795 under den tredje delinga av Polen. Etter den første verdskrigen vart byen ein del av Den andre polske republikken i 1918. Han var annektert av Tyskland 1939–1945.

Kjelder

Chrzanovia Patria Parva (på engelsk)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Veslepolske voivodskap Kategori:Byar i Polen