Margrethe Renstrøm () er ein norsk friidrettsutøvar som hoppar lengde for idrettsklubben Tjalve. Margrethe Renstrøm er opphavleg frå Søgne, men bur i Oslo og er utdanna fysioterapeut frå Høgskolen i Oslo. Ho hoppa for Søgne Idrettslag før ho gjekk over til IK Tjalve i 2005.
Renstrøm har noregsrekorden i lengdehopp med 6,68 meter, sett i Barcelona under EM i friidrett 2010. Ho slo då sin eigen rekord på 6,64 frå Noregsmeisterskapen i 2009, der ho igjen utraderte den 41 år gamle norske rekorden til Berit Berthelsen på 6,56 meter frå Bislett Stadion den 10. september 1968.
Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors tok ho bronsemedalje med resultatet 6,67, 14 cm bak vinnaren Éloyse Lesueur.Aftenposten, 28.06.12: EM-bronse til Renstrøm Renstrøm skulle også delta i Sommar-OL 2012 i London,Dagbladet, 12.07.12: Her er hele den norske OL-troppen men på grunn av ein skade i høgrefoten måtte ho trekkja seg berre minutt før lengdekvalifiseringa skulle ta til.Aftenposten, 07.08.12: Renstrøm: - Den verste nedturen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Margrethe Renstrøm» frå , den 21. juli 2012.
Fotnotar
Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske fysioterapeutar Kategori:Folk frå Søgne