Moskusurtfamilien (Adoxaceae) er ein plantefamilie i ordenen Dipsacales. Til familien klassifiserer ein 5 slekter i følge APG-klassifieringa. Til saman er det rundt 200 artar.
Plantane er utbreidd i nordlege, tempererte område og fjell i tropane, men berre sporadisk i Afrika. Familien omfattar tre, buskar eller urter med motsette blad som har tanna bladrand. Samansette blad finst, men dei er ikkje vanlege i familien. Blomstrane er samla i skjermaktige blomsterstandar som rommer mange, små, femtalige blomstrar. Fruktene er steinfrukter.
Slekter Adoxa - Moskusurtslekta Sambucus - Hylleslekta Sinadoxa Tetradoxa Viburnum - Krossvedslekta
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dipsacales Kategori:Plantefamiliar