mini|Monocyttar farga lilla under eit mikroskop, omgjevne av raude bloceller. Monocytt er ein type kvit blodlekam. Desse blodlekamane har til jobb å ete opp daudt vev og bakteriar som ikkje er velkomne i kroppen. Cellene er kjenneteikna av ei stor bønneforma cellekjerne. Dei utgjer mellom tre og åtte prosent av dei kvite blodlekamane.
Monocyttar speler også ei svært viktig rolle i immunforsvaret ved at dei «dirigerer» den fyrste responsen kroppen har på ein infeksjon. Som mange andre kvite blodceller blir monocyttar danna i beinmergen frå stamceller. Dei sirkulerer i blodstraumen i 1-3 dagar før dei går inn i vevet. Rundt halvparten av monocyttane blir lagra i milten.Swirski FK, Nahrendorf M, Etzrodt M, Wildgruber M, Cortez-Retamozo V, Panizzi P, Figueiredo J-L, Kohler RH, Chudnovskiy A, Waterman P, Aikawa E, Mempel TR, Libby P, Weissleder R, Pittet MJ. (2009). Identification of Splenic Reservoir Monocytes and Their Deployment to Inflammatory Sites. Science, 325: 612-616. PMID 19644120 (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)
Kjelder monocytter i Store norske leksikon. Denne artikkelen bygger på «Monocytt» frå , den 23. juli 2012.
Denne artikkelen bygger på «Monocyte» frå , den 25. august 2012.
Kategori:Blod Kategori:Mononukleære fagocyttar