Tonje Nøstvold () er ein norsk handballspelar frå Stavanger som sidan sommaren 2011 har spela for Byåsen, også i perioden 2005-08 spela ho for Byåsen. Nøstvold har vunne tre EM-gull, eitt OL-gull og VM-gull med Noregs landslag i perioden 2006-11. Ho spelar både høgreback og høgrekant. Mellom 2005 og august 2012 har ho spela 169 landskampar og skåra 385 mål.

Aktiv Nøstvold spela handball for Hundvåg på nivå 3 til sommaren 2003. Ho gjekk då over til toppserieklubben Sola, og spela for denne i to sesongar. Frå sommaren 2005 spela ho for Byåsen, der ho var med då klubben kom til finalen i cupvinnarcupen i handball i 2007. Byåsen tapte cupvinnarcup-finalane mot Oltchim Valcea frå Romania med 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela Nøstvold på lag med Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem, Ida Alstad og Kari Aalvik Grimsbø. Sommaren 2008 melde ho overgang til danske Ikast-Bording/FC Midtjylland, der ho spela i tre år. Derifrå gjekk ho tilbake til Byåsen og norsk toppserie.

Nøstvold debuterte på det norske landslaget mot Portugal 27. september 2005. Ho har vore i den norske landslagstroppa til samtlege meisterskap i åra 2005-12. Gjennom desse sju åra har ho vorte europameister tre gongar (2006, 2008, 2010), to gongar olympiameister (2008 og 2012) og ein gong verdsmeister (2011), dessutan har ho VM-sølv og -bronse frå høvesvis 2007 og 2009.

Merittar landslag VM 2005: Nr 9 med Noreg EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tonje Nøstvold» frå , den 25. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Håndball.no – Nøstvolds spillerprofil

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2005 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2007 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2009 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2006 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2008 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Folk frå Stavanger