Amanda Maria Kurtović () er ein norsk handballspelar fødd i Karlskrona i Sverige, som sidan sommaren 2020 spelar for Larvik HK. Ho vann VM-gull med Noreg i 2011 og 2015, OL-gull sommaren 2012, EM-gull 2016, samt meisterligaen med Larvik HK i mai 2011. Kurtović er venstrehendt, og er vanlegvis det som tyskarane kallar ein rykkrom-spelar. I tida 2011-20 deltok i 118 landskampar fro Noreg, skåra 291 mål.
Aktiv Kurtović var medlem av Sandefjord TIF fram til sommaren 2007. Deretter spela ho tre sesongar for toppserieklubben Nordstrand frå Oslo, der ho på 70 kampar skåra 300 mål. Faren hennar, den svenske handballspelaren Marinko Kurtović, var trenar for Oslo-laget.
Sommaren 2010 gjekk ho til Byåsen Idrettslag, der ho spela 14 seriekampar og skåra 45 mål. Frå 4. februar 2011 til våren 2012 spela Kurtović for Larvik HK. Her var ho med å vinne serigeull både 2011 og 2012, den europeiske meisterligaen 2011 og den norske cupmeisterskapen for 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 gjekk ho over til den danske toppserieklubben Viborg HK.
Kurtović debuterte for Noregs landslag 26. mars 2011, i heimekamp mot Russland, ein kamp som enda med norsk siger 30-26. Ho fekkplass i Noregs tropp til VM i handball 2011 i Brasil. 18. desember 2011 vart ho verdsmeister med Noreg då det vart siger 32-24 over Frankrike i finalekampen i Sao Paulo, Kurtović skåra fire av dei norske måla.
Under OL 2012 i London var ho med då Noreg sikra seg OL-gull med finalesiger 26-23 over Montenegro.
Merittar VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amanda Kurtović» frå , den 27. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Landskampar
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner