«I've Seen All Good People» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1971 på albumet The Yes Album. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire, og er ein av bandet sine mest kjende og «radiovenlege» songar. Songen er delt opp i to satsar, «Your Move» og «All Good People», og varar i 6 minutt og 56 sekund. Ein redigert versjon av songen beståande hovudsakleg av satsen «Your Move», vart utgjeve som singel i 1971.

Struktur Første satsen, «Your Move» er skriven av Jon Anderson og er delvis basert på Lewis Carroll-boka Through the Looking-Glas, som er rekna som framhaldet av historia frå Alice i Eventyrland. Boka handlar om eit parti sjakk, der Alice er med i spelet som bonde, men som avanserer på brettet og blir dronning. Teksten refererer både til hendingar i boka, og til spelet sjakk generelt.The Yes Album – Tekstene, Yesworld.comMusikk og Sjakk

Andre sats, «All Good People», er skriven av Chris Squire og består av ei rekkje repetisjonar av refrenget, med eit konvensjonelt rock-lydbilete. Satsen blir prega av høgt tempo og tette vokalharmoniar. Teksten inneheld òg referansar til John Lennon-songane «Instant Karma» og «Give Peace a Chance».

Konsertversjonar «I've Seen All Good People» er den tredje mest spelte songen under konsertane til Yes.Forgotten Yesterdays Songen har vorte spelt på nærast alle konsertar sidan utgjevinga i 1971.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «I've Seen All Good People»: Yessongs An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe) Keys to Ascension 2 House of Yes: Live from House of Blues Symphonic Live The Word Is Live Live at Montreux 2003 Songs from Tsongas (berre DVD) Union Live In the Present – Live from Lyon

Medverkande På originalinnspelinga frå 1971 medverkar: Jon Anderson: vokal Chris Squire: bass, vokal Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, mandolin, vokal Tony Kaye: piano, Hammondorgel Bill Bruford: trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I've Seen All Good People» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar produserte av Eddy Offord Kategori:Songar om sjakk Kategori:Atlantic Records-singlar