Open Your Eyes er det femtande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette er det første albumet der Billy Sherwood medverkar som fulltidsmedlem av bandet etter at Rick Wakeman forlet bandet tidleg i 1997. Dette er òg det første albumet der Igor Khorosjev medverkar, her berre som studiomusikar.
Albumet kom på 151. plass på Billboard 200 i USA.
Bakgrunn Opphavleg vart innspelingane starta som eit samarbeide mellom Chris Squire og Billy Sherwood, men Jon Anderson vart såpass imponert over materialet at han ynskte å synge på albumet. Etter kvart kom òg Steve Howe og Alan White med i prosjektet, og ein avgjorde at dette skulle bli det neste Yes-albumet.
Trass i entusiasmen til medlemmane for materialet, var dei ikkje nøgd med sluttresultatet. Det vart i følgje Anderson og Howe for kommersielt og lett, noko dei sjølv tok ein god del av skulda for. Verken publikum eller kritikarar var særleg imponert over utgjevinga, og albumet vart straks rekna som eit av dei svakaste til bandet, sjølv om det finst einskilde lyspunkt her òg.
Roger Dean står nok ein gong bak platecoveret, denne gongen med eit noko minimalistisk bidrag. Coveret består av den klassiske Yes-logoen i raude nyansar på svart bakgrunn.
Innhald
Spora «The Solution» og «The Source» er ikkje delt opp, men er eit 23 minutt og 47 sekund samanhengande spor. «The Source» består først av to minutt med stille, så 16 minutt og 21 sekund med naturlydar og eit lydcollage med korte acapella-versjonar av dei øvrige songane på albumet.
Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass, vokal, munnspel Steve Howe – elektrisk og akustisk gitar, banjo, mandolin, vokal Billy Sherwood – keyboard, gitar, vokal Alan White – trommer, perkusjon
Studiomusikarar Igor Khoroshev – keyboard på spor 1, 4 og 5 Steve Porcaro – keyboard på spor 2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Open Your Eyes» frå , den 29. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002
Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Plateomslag av Roger Dean