Hanøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg i Brandasundsøyane mellom Eidøy i aust, Spannosen i sør, Selsøy i sørvest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing
Ho er kring 1,3 km lang og 750 meter på det breiaste.
I 1843 vart Hanøy med Klammerøyo, Urøyo, Klammerholmen, Skipaholmen og Skvetten, fredlyst.
Garden Garden på øya var opphavleg husmannsplass under Brandasund til 1723, då øya vart skyldsett for 6 merker smør.
Namn Øya har fått namn etter ein stor stein som ser ut som ein hane frå leia søranfor.
Namnet har vorte skrive Hanøen.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet 2000 3 6 0
Kjelder
Kategori:Gardar på Fitjar Kategori:Øyar i Fitjar Kategori:Fitjarøyane